Metodar og tekniske innretningar
Som verksemd skal de sikre god fiskevelferd ved bruk av metodar og utstyr som er dokumenterte, utprøvde og eigna. Regelverket stiller krav til internkontroll og dokumentasjon, særleg ved bruk av nytt utstyr og ved slakteri.
Internkontroll
De skal sikre dyrevelferda når de bruker aktuelle metodar og tekniske innretningar.
Dette gjer de gjennom styringssystemet for verksemda. De må blant anna gjere risikovurderingar og etablere rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge svikt, med heimel i IK-akva paragraf 5.
Dokumentasjon om velferdskravet og nytt utstyr som er i bruk, skal også inngå i internkontrollen.
Generelt om krav til metodar og utstyr med meir
Det er ikkje noka godkjenningsordning for om metodar og utstyr er eigna etter dyrevelferdslova. Men det er eintydige krav i akvakulturdriftsforskrifta paragraf 20 og slakteriforskrifta paragraf 12 om at metodar, utstyr med meir skal vere eigna ut frå omsynet til dyrevelferd.
Regelverket tilseier vidare at ein skal kjenne velferdskonsekvensar gjennom utprøving og dokumentasjon før ein tar i bruk nye metodar og utstyr. Grunnen til dette er at ein skal kunne avgjere om metoden eller utstyret er eigna og vil fungere velferdsmessig forsvarleg.
Forsøk og utprøving av metodar og utstyr som blir brukte på slakteri, inneber stor risiko for å påføre fisk påkjenningar. Dette er derfor søknadspliktig etter forsøksdyrregelverket.
Mattilsynet kan etterspørje dokumentasjon.
Ved søknad om godkjenning av slakteri eller av endring av drift ved slakteri er det dessutan krav om at søknaden skal innehalde opplysingar om kva metodar og innretningar som er valde for sedering, bedøving og avliving av fisken, og dokumentasjon på at desse er utprøvde og funne eigna (slakteriforskrifta paragraf 5).
Forskriftsføresegnene knytte til metodar og utstyr er heimla i tilsvarande føresegner i dyrevelferdslova paragraf 8. Dyrevelferdslova rettar seg også mot den som omset og marknadsfører metodar og utstyr.
Kravet til at metodar og utstyr skal vere eigna, er todelt. Det skal vere vist/dokumentert eigna, og det skal fungere i praksis.
Nedanfor blir dei generelle krava omtalte overflatisk. Vi har laga ein rettleiar om fiskevelferd ved utvikling og bruk av metodar, utstyr, teknologi osb. i akvakultur. Denne gjeld også for slakteri.
Krav til etablerte metodar og utstyr med meir
Metodar og utstyr skal vere eigna ut frå omsynet til fiskevelferd.
Dette betyr at det er forbode å bruke metodar, utstyr og så vidare som ein veit, eller burde vite, ikkje er eigna ut frå omsynet til dyrevelferd.
Konsekvensane av metodar eller utstyr for velferda til fisken skal vere utprøvde og viste eigna ut frå omsynet til velferda til fisken. Dette skal vere dokumentert.
Dersom utstyr eller metode er utdatert, slik at fisken blir utsett for unødvendige påkjenningar, vil det vere forbode å bruke.
Mattilsynet kan gjere vedtak om forbod mot bruk eller krav om utbetring av metodar og utstyr som vi reknar som uforsvarleg ut frå omsynet til fiskevelferd.
Dersom det ikkje finst godt eigna metodar/utstyr til nødvendige operasjonar og det blir nytta ueigna metodar/utstyr, er drifta ulovleg. Vi kan da gjere vedtak om stans i produksjonen eller gi tidsfrist for å finne eigna løysingar. Det er forventa at næringa på eige initiativ arbeider aktivt for å utvikle metodar/utstyr som er eigna ut frå omsynet til god fiskevelferd.
Nye metodar og nytt utstyr med meir skal vere utprøvd og dokumentert
Dei som marknadsfører eller omset nye driftsformer, metodar, utstyr og tekniske innretningar til bruk på dyr eller dyrehald, skal etter dyrevelferdslova paragraf 8 sjå til at desse er prøvde ut og funne eigna ut frå omsynet til dyrevelferd.
Slakteriet har sjølvstendig plikt til å sikre at dette kravet er oppfylt. Dette følger av slakteriforskrifta paragraf 12 og akvakulturdriftsforskrifta paragraf 20. Dette betyr at velferdskonsekvensane for metodar og utstyr som blir brukte på slakteriet, skal dokumenterast. De bør også ha gode brukarmanualar som gir tilvisingar for korleis utstyret skal brukast, slik at det er velferdsmessig forsvarleg.
Som slakteri må de derfor etterspørje både dokumentasjon og brukarmanual når de installerer nytt utstyr på slakteriet. Ut frå ei risikovurdering blir det rekna som særleg viktig at metodar og utstyr for bedøving og avliving, og dessutan for sedering dersom dette blir nytta, er godt dokumentert. Dette gjeld også for reinsefisk og villfisk som kjem inn saman med matfisk.
Dokumentasjon aleine ikkje er nok, metoden må også fungere i praksis ved kvar enkelt verksemd.
I dei tilfella der etablerte metodar / tekniske løysingar allereie ligg føre, bør nye metodar / tekniske løysingar til same formål vere minst like godt eigna eller betre eigna ut frå omsynet til velferda til fisken som dei gamle.
Spesielt om dokumentasjon av metode for bedøving
Sidan det i praksis er umogleg å skilje bevisstlaus fisk frå immobilisert fisk, krevst det at grunnlagsdokumentasjonen inkluderer bruk av EEG på artsnivå for å verifisere at metoden heilt sikkert er eigna til å gi bevisstheitstap (sjå krav til bedøving nedanfor).
EFSA gir god og detaljert rettleiing for kva som bør inngå i vitskapleg dokumentasjon av nye og modifiserte bedøvingsmetodar for dyr:
Sjølv om denne først og fremst er utarbeidd med omsyn til landdyr, gir han relevant rettleiing også for dokumentasjon av bedøvingsmetodar og bedøvingsutstyr for fisk.
Sjekkpunkt
Internkontroll
- Kva rutinar/prosedyrar er etablerte for å følge opp kravet til dokumentasjon?
- Blir det gjort risikovurderingar før nytt utstyr / nye metodar blir tatt i bruk?
- Er det etablert rutinar/prosedyrar som skal bidra til at bruk av utstyr og metodar i praksis ikkje går utover velferda?
Dokumentasjonskontroll
- Finst det dokumentasjon på at utstyr er utprøvd og funne velferdsmessig forsvarleg?
- Er EEG-målingar av bedøvingseffekt av alle artar som bedøvaren blir brukt på, inkluderte i metode-dokumentasjonen?
Kontroll av praktisk bruk
- Blir utstyret brukt som føresett i dokumentasjonen?
- Er det gjort tilpassingar av utstyr som ikkje er dokumentert?
- Fungerer metodar og utstyr i praksis?