Oppbygging og bruk av rettleier om fiskevelferd ved slakteri for akvakulturdyr
Hovudformålet med rettleiaren er å gi fagleg støtte både til dykk som er i bransjen og til inspektørar som skal utøvd tilsyn.
Rettleiaren skal gi bransjen kunnskap om korleis regelverket om god dyrevelferd ved fiskeslakteri skal forståast, og bidra til einskapleg tilsynspraksis.
I rettleiaren blir aktuelle kontrollpunkt beskrivne med forslag til sjekkliste. Denne sjekklista er ikkje uttømmande, og det kan derfor også vere andre sjekkpunkt som vil vere relevante.
Konkrete føringar i rettleiaren er baserte på dagens kunnskapsstatus. Dette er ikkje absolutte krav på lik linje med konkrete forskriftskrav, men hjelp til vurderinga av kva som er "god praksis".