Generelt om sedering og levandekjøling
Dersom fisken sederast før bedøving, skal dette ikkje innebere vesentleg stress eller ubehag for fisken.
Metodar for sedering og levandekjøling krev dokumentasjon på at metoden som blir nytta er eigna ut frå omsynet til velferda til fisken på artsnivå.
Mattilsynet vil både vurdere dokumentasjonen og om metoden ser ut til å fungere i praksis. Eventuell stressåtferd ved overføring til levandekjøling/sedering vil blant anna vere eitt vurderingskriterium.
Sedering med karbondioksid (CO2)
I samsvar med slakteriforskrifta kan karbondioksid tilsettast i samband med sedering, føresett at god fiskevelferd kan dokumenterast gjennom heile prosessen.
Ifølge Havforskingsinstituttet, viser forskingsresultat at laks viser kraftig stressrespons/- unnvikelsesrespons ved tilsetning av CO2 allereie ved pH < 7. CO2 konsentrasjonar som gir sederingseffekt gir langt lågare pH enn dette. CO2 er derfor ueigna til sedering av laks.
Dersom CO2 skal brukast til sedering på andre artar, må det leggast fram vitskapleg dokumentasjon som viser at det er velferdsmessig forsvarleg.
Levandekjøling
Eventuell levandekjøling skal utførast utan for rask temperaturendring eller for låg temperatur. Dyrevelferda ved metoden skal vere dokumentert og vise at fisken raskt tar opp att vanleg åtferd etter temperaturendring. Fluktrespons, endra svømmeåtferd, tap av likevekt/balanse og dødelegheit skal ikkje førekomme.
Dersom levandekjøling skal nyttast må det dokumenterast at vasskvaliteten varetar kravet frå den aktuelle arten til god vasskvalitet.
Sidan høge CO2-konsentrasjonar gir låg pH og dermed uakseptabel velferd for laks, har det i praksis vist seg å vere umogleg å vareta krav til god dyrevelferd ved levandekjøling av laks i tradisjonelle resirkuleringssystem på slakteriet.
Meir informasjon om vasskvalitet i resirkuleringssystem finst i VKM risikoanalyse datert 10.01.12 Risk Assessment of Recirculation Systems in Salmonid Hatcheries (vkm.no).
Sjekkpunkt
- Finst det dokumentasjon på at metoden er velferdsmessig forsvarleg?