Generelt om fiskevelferd i slaktemerd
Det generelle regelverket for hald av fisk i merd gjeld med nokre få unntak også for slaktemerd (sjå opplisting av gjeldande føresegner for slaktemerd i akvakulturdriftforskriften § 3 bokstav f).
Spesielle føresegner for fisk i slaktemerd følger av § 54.
Slakteriet har ansvar for å sørge for at de røktar fisken i tråd med desse føresegnene og at de har kompetanse i tråd med akvakulturforskriftas § 6 (jf. pkt 3.3).
Blant plikter som følger av regelverket, er journalføring av dødelegheit og varsling knytt til hendingar.
Varslingsplikt for sjukdom på oppdrettsfisk og andre akvatiske dyr.
Varslingsplikt for hendingar som gir dårleg velferd for oppdrettsfisk.
Krava som er sette til slaktemerd er funksjonsbaserte og gjeld like fullt for nye teknologiske løysingar for lukka slaktemerdar som for tradisjonell open merdteknologi.
Maksimal tid for oppbevaring av fisk i slaktemerd
Fisk som blir transportert til slakteri, skal vere transportdyktig. Fisk skal ikkje oppbevarast i slaktemerd meir enn maksimalt 6 døgn.
Det er krav om at sjuk og skadde fisk skal avlivast så raskt som mogleg. Dette medfører at sjuk eller skadd fisk må takast direkte til slakting utan først å bli plassert i slaktemerd, der dette er mogleg.
Levemiljø i slaktemerd
Fisk skal ikkje plasserast i slaktemerd med miljøforhold som er særleg belastande for fisken.
I praksis inneber dette at fisken må slaktast direkte frå brønnbåt i periodar med fare for at temperatur, vasskvalitet eller andre miljøforhold i slaktemerdane overskrid toleransegrensene til fisken.
Tettleik i slaktemerd
Fisketettleik skal vere forsvarleg og m.a. tilpassa vasskvalitet, det åtferdsmessige og fysiologiske behovet, helsestatusen og driftsforma til fiskane.
Andre forhold som er viktig for velferd i slaktemerd
Eksempel på andre forhold som har noko å seie for velferd i slaktemerd, er at det er personell til stades ved lossing av fisk, uttak av svimeir/ dødfisk, reingjering av nøter og så vidare.
Sjekkpunkt
- Er det personell frå slakteriet til stades ved lossing?
- Er forholda i slaktemerd i tråd med god praksis i oppdrett? For eksempel
- oksygenmetting
- temperatur
- tettleik
- dødfiskhåndtering, inkludert opptak av svimare
- Korleis er åtferda til fisken i merden? Svømmer fisken roleg? Andre observasjonar?
- Er det mykje sår og/eller skader på fisken?
- Er det forhøgt dødelegheit?
- Journalføring av dødelegheit?
- Blir det dagleg uttak gjennomført av svimeir og død fisk?
- Overskrid haldetida den forskriftsfesta maksimalgrensa på 6 døgn?