Rettleiar om fiskevelferd ved slakteri for akvakulturdyr er retningsgivande
Fleire av føresegnene i regelverket er det vi kallar funksjonsbaserte. Det vil seie at regelverket seier kva vi ønsker å oppnå med krava som blir sette (for eksempel formål og risikonivå), ikkje korleis ei oppgåve skal utførast.
Dette gjer det mogleg å finne løysingar uavhengig av teknologi, så lenge løysingane oppfyller krava.
Eit sentralt krav mange stader i regelverket er knytt til forsvarlegheit. Kva som er forsvarleg endrar seg over tid med ny kunnskap, ny teknologi eller når samfunnet endrar oppfatningar. Forsvarlegkravet er juridisk sett ei minimumsnorm.
Forsvarlegkravet skal spegle ein praksis som er forankra i kunnskap og ei god fagleg tilnærming.
Bransjestandardar som er oppdaterte, kan vere eit uttrykk for god praksis. Gode, oppdaterte bransjestandardar er med på å forme innhaldet i forsvarlegomgrepet.
Denne rettleiaren gir rammar for å tolke forsvarlegomgrepet basert på dagens kunnskap. Ny kunnskap kan føre til nye eller andre forventingar til næringa om korleis de skal sikre god fiskevelferd ved slakteria. De må sørge for å halde dykk oppdaterte og tilpasse drifta etter ny kunnskap, nye teknologien og samfunnsutviklinga. Slik sikrar de at verksemda er i tråd med forsvarleg drift.