Krav til verksemdene på fôrområdet
Det er ikkje tilstrekkeleg at fôret som dyra får, oppfyller krava i regelverket. Verksemdene på fôrområdet må også ha hatt kontroll med innsatsfaktorane og framstillingsprosessane som endar opp i sluttproduktet.
Det er utarbeidd utfyllande reglar for krava til system hos verksemdene på fôrområdet. Dette dokumentet gir ei oversikt over systemkrava som gjeld verksemdene.
Sjølvstendig ansvar for trygt fôr
Verdikjeda for fôrvarer består av mange ledd. Verksemdene på kvart ledd har eit sjølvstendig ansvar for å etterleve krav i regelverket og sikre trygt fôr.
Den gruppa verksemder som blir omtalte som "primærprodusentar av fôr" med tilknytte aktivitetar, har litt mindre strenge krav til kvalitetssikringssystem enn resten av verksemdene. Primærprodusentar av fôr omfattar dei verksemdene som haustar frå jorda eller havet til fôr utan å foredle produkta, og dessutan dei verksemdene som fôrar dyr berekna til matproduksjon. Primærprodusentar av fôr omfattar tradisjonelt landbruk og oppdrett av matproduserande dyr inkludert fiskeoppdrett.
Legg merke til at bønder som blandar eige fôr der det blir brukt tilsetningsstoff, ikkje er primærprodusentar av fôr.
Kven er omfatta av krava?
Alle som produserer, transporterer, lagrar og omset fôrmiddel, tilsetningsstoff og fôrblandingar, men også dei som dyrkar/haustar fôr og dei som fôrar matproduserande dyr, er omfatta av systemkrava. Dei fleste systemkrava finn vi i forskrift om fôrhygiene, men det er også andre regelverk som er relevante.
Verksemder som produserer fôrmiddel av animalsk opphav og fôr til dyr som ikkje er matproduserande, finn systemkrava i biproduktregelverket.
Må ha kvalitetssikringssystem
For å kunne oppfylle krava til fôr må alle verksemdene på fôrområdet ha fokus på kva farar som kan oppstå i produksjonen sin og som kan få noko å seie for fôr- og mattryggleik. Det må ta dei nødvendige forholdsreglane og styre innkjøpa sine og produksjonen sin på ein måte som hindrar at desse farane oppstår og/eller sikre at dei blir haldne under eit visst nivå.
For å få til dette må alle verksemdene ha sett i verk eit kvalitetssikringssystem som dekkjer alle aktivitetane verksemda omfattar.
Sjå også Veileder om HACCP i fôrvirksomheter.
Registrerte og godkjente aktørar
Systemkrava omfattar blant anna at alle verksemdene skal vere registrerte eller godkjente av Mattilsynet og med det underlagte offentleg kontroll. Dei skal innføre kvalitetsstyring, og dei skal kunne sikre full sporbarheit.
Det er også berre tillate å kjøpe varer og tenester frå aktørar som er registrerte/godkjente og står på Mattilsynets liste over registrerte/godkjente fôrføretak.