Dette kan du ta med inn i Noreg utan plantesunnheitssertifikat

Hovudregelen er at alle planter som importerast, skal være følgt av eit plantesunnheitssertifikat som dokumenterer at plantene er friske og utan skadedyr. Men for enkelte varer som tas med som handbagasje eller i flyttelass til privat bruk, er det gitt nokre unntak.

Publisert

I forskrift om plantehelse § 19 og vedlegg 9 finn du reglane for kva som er unntatt kravet om plantesunnheitssertifikat.

Du kan ta med deg følgjande utan plantesunnheitssertifikat:

  • 5 potteplanter (stueplanter), unntatt "forbodsplanter"
  • 25 stk avskorne blomster
  • 3 kg blomsterløk og blomsterknollar
  • 50 porsjonspakningar av hagebruksfrø
  • 10 kg frukt, bær og grønsaker, unntatt poteter

Det er viktig å merke seg at det med potteplanter meinas stueplanter, og ikkje planter for bruk på terrassen eller i hagen.

Potteplantene skal vere innkjøpte i eit europeisk land, dvs. i land som tilhøyrer det geografiske Europa. Dette inkluderer Spitsbergen, Jan Mayen, Kanariøyene, Madeira, Azorene, Kypros, Malta, Russland vest for 60 grader øst, men ikke Tyrkia, Aserbajdsjan, Kazakstan og Georgia.

Sida er ein del av denne rettleiinga: