Styrke rapportering og kartlegging av biverknader frå kosmetikk

Mattilsynet antar det er underrapportering av biverknader frå kosmetikk, kroppspleieprodukt og tatoveringsprodukt.

Publisert

Vi vil derfor jobbe aktivt overfor helsepersonell og forbrukarar for at fleire biverknader blir rapporterte inn.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025? 

Biverknader frå kosmetikk kan variere frå mild irritasjon til alvorlege symptom. For å følge opp produkt som kan gi biverknader, er Mattilsynet avhengig av at tilfella blir rapporterte til oss.

Ved å få både helsepersonell og forbrukarar til å melde inn biverknader, vil Mattilsynet også få ei betre oversikt over risikofaktorar som kan gi biverknader knytt til produkt på den norske marknaden.

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?

Helsepersonell er pålagt å melde frå ved mistanke om biverknader av kosmetikk. Forbrukarar kan også melde inn biverknader til Mattilsynet.

Vi vil jobbe aktivt overfor helsepersonell, forbrukarar og aktuelle bransjeorganisasjonar for å gjere rapporteringsmoglegheitene kjent slik at fleire biverknader blir rapporterte.

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?

Dersom Mattilsynet tar kontakt er det viktig at verksemder deler informasjon som dei sjølv har fått frå forbrukarar om biverknader.

Relevant innhald:

Varsle om biverknader av kosmetikk