Parfymestoff i kosmetiske produkt kan gi allergiske reaksjonar
Bruk av parfyme og parfymerte produkt kan gi allergi. Nokre parfymestoff er særleg allergiframkallande og må merkast med namn, men også andre stoff og kryssallergi kan føre til reaksjonar.
Denne oversikta rettar seg mot forbrukarar. Viss du er produsent, importør eller distributør, kan du lese meir her:
Krav til merking av parfymestoff
Parfymeallergi kan vere utfordrande å kartleggje
Bruk av parfyme og parfymerte produkt kan gi allergi. Nokre parfymestoff er særleg allergiframkallande og må merkast med namn, men også andre stoff og kryssallergi kan føre til reaksjonar.
Parfymeallergi kan vere utfordrande å kartleggje
Parfymar kan bestå av svært mange ulike stoff. Dette gjer det vanskeleg å finne ut kva stoff ein er allergisk mot.
Mange produkt merkte med samleomgrepa "parfum" eller "aroma" utan at enkeltstoffa er oppgitte.
Derfor er det eigne krav om at namnet på dei mest allergiframkallande parfymestoffa skal stå i ingredienslista. I dag gjeld dette kravet for 24 stoff, og ytterlegare 56 stoff vil bli omfatta av kravet innan 2028.
Dei nye stoffa er omfatta av ein overgangsordning, slik at produkt som ikkje oppfyller krava
- ikkje skal plasserast på marknaden etter 31. juli 2026
- dei som allereie vart plassert på marknaden kan omsettast til 31. juli 2028
Til saman er 80 parfymestoff identifiserte som særleg allergiframkallande.
Eit parfymestoff kan vere allergiframkallande sjølv om det ikkje står på denne lista.
Kva bør du vere merksam på?
- Kryssallergi kan oppstå ovanfor andre produkt med parfymekomponentar, til dømes såpe, vaskemiddel og oppvaskmiddel.
- Både naturlege og syntetiske stoff kan gi allergi
- Jo lengre eit produkt er i kontakt med huda, jo større er risikoen for allergi.
- Produkt som blir verande på huda (kremar, lotion, deodorantar og parfyme) inneber større risiko enn produkt som blir skylde av.
Les meir om kva biverknader som vert vanlege, korleis vi vert utsette for desse stoffa, og kva ein kan gjera for å unngå duftstoff på FHI si nettside:
Biverknadar av parfyme og duftstoff - FHI (fhi.no)
Slik les du ingredienslista
Dei mest allergiframkallande duftstoffa skal vere oppførte med namn i ingredienslista.
Det er likevel ikkje krav om å merke desse som allergen på same måte som i matvarer (der allergen også blir framheva, til dømes med feit skrift)
I dag må 24 duftstoff merkast med namn. Denne lista utvidast i løpet av 2026 til 2028 til å omfatte til saman 80 duftstoff.
Parfymestoffar som ikkje er omfatta av krava, vil være merka som "parfum" eller "aroma".
Andre parfymestoff enn dei som står på lista, kan også gi allergiske reaksjonar.
Desse parfymestoffa må merkast
Dette er lista over INCI-namn (namn som skal stå på produktet) på parfymestoff som blir rekna som særleg allergiframkallande.
Nummereringa viser til nummeret på posten i vedlegg III der stoffet er oppført. Alpha-isomenthyl ionone 90 Amyl cinnamal 67 Amylcinnamyl alcohol 74 Anise Alcohol 80 Benzyl Alcohol 45 Benzyl benzoate 85 Benzyl cinnamate 81 Benzyl salicylate 75 Cinnamal 76 Cinnamyl alcohol 69 Citral 70 Citronnellol 86 Coumarin 77 Eugenol 71 Evernia Furfuracea 92 Evernia Prunastri 91 Farnesol 82 Geraniol 78 Hexyl cinnamal 87 Hydroksycitronellal 72 Isoeugenol 73 Limonene 88 Linalool 84 Methyl 2-octynoate 89Stoff som allereie er regulerte
INCI-namn Referansenummer i vedlegg III
Liste over allergiframkallende duftstoff som blir utvida. Pinus Mugo 109 Pinus Pumila 114 Cedrus Atlantica Oil/Extract 122 Turpentine 124 Alpha-Terpinene 131 Terpinolene 133 Myroxylon Pereirae Oil/Extract 154 Rose Ketones 157 3-Propylidenephthalide 175 Lippia citriodora absolute 196 Methyl Salicylate 324 Acetyl Cedrene 327 Amyl Salicylate 328 Anethole 329 Benzaldehyde 330 Camphor 331 Beta-Caryophyllene 332 Carvone 333 Dimethyl Phenethyl Acetate 334 Hexadecanolactone 335 Hexamethylindanopyran 336 Linalyl Acetate 337 Menthol 338 Trimethylcyclopentenyl Methylisopentenol 339 Salicylaldehyde 340 Santalol 341 Sclareol 342 Terpineol 343 Tetramethyl acetyloctahydronaphthalenes 344 Trimethylbenzenepropanol 345 Vanillin 346 Cananga Odorata Oil/Extract 347 Cinnamomum Cassia Leaf Oil 348 Cinnamomum Zeylanicum Bark Oil 349 Citrus Aurantium Flower Oil 350 Citrus Aurantium Peel Oil 351 Citrus Aurantium Bergamia Peel Oil 352 Citrus Limon Peel Oil 353 Lemongrass Oil 354 Eucalyptus Globulus Oil 355 Eugenia Caryophyllus Oil 356 Jasmine Oil/Extract 357Nye stoff (gjeld etter overgangsperioden 2026-2028)
INCI-namn Referansenummer i vedlegg III