Til hovudinnhald
  • The page is not available in English. Go to English homepage
  • Drikkevannsforsyning
  • Dyr
  • Alt om dyr og dyrehold
  • Dyrehelsepersonell
  • Dyrevelferd
  • Kjæledyr, konkurransedyr og hobbydyr
  • Produksjonsdyr
  • Dyrehelse og dyresykdommer
  • Forsøksdyr
  • Jakt og vilt
  • Fisk og akvakultur
  • Alt om fisk og akvakultur
  • Brønnbåt og annan transport
  • Fiskehelse og fiskesykdommer
  • Oppdrettsanlegg
  • Rensefisk
  • Slakting av fisk
  • Eksport av levende fisk med mer
  • Kosmetikk og kroppspleieprodukter
  • Mat og drikke
  • Alt om mat og drikke
  • Eksport av mat og drikke
  • Smitte frå mat og drikke
  • Matproduksjon
  • Merking av mat
  • Salg og servering av mat
  • Råd og advarsler til forbrukere
  • Startpakke for nye matbedrifter
  • Planter og dyrking
  • Alt om planter og dyrking
  • Tømmer, trelast og treemballasje
  • Plantevernmidler
  • Produksjon og omsetning
  • Økologisk landbruk
  • Planteskadegjørere
  • Gjødsel, jord og dyrkingsmedier
  • Plantesortar
  • Genmodifiserte produkter
  • Frø, såkorn og annet planteformeringsmateriale
  • Meld fra til Mattilsynet
  • Om Mattilsynet
  • Jobbe i Mattilsynet
  • Kontakt oss
  • Skjema
  • Regelverk
  • Godkjente virksomheter
  • Veiledere
  • The page is not available in English. Go to English homepage
    1. Heim
    2. Kosmetikk og kroppspleieprodukter
    3. Parfymestoff i kosmetiske produkt kan gi allergiske reaksjonar
    4. Parfymeallergi kan vere utfordrande å kartleggje

    Parfymeallergi kan vere utfordrande å kartleggje

    Bruk av parfyme og parfymerte produkt kan gi allergi. Nokre parfymestoff er særleg allergiframkallande og må merkast med namn, men  også andre stoff og kryssallergi kan føre til reaksjonar.

    Fagleg gjennomgått
    27.05.2026

    Parfymeallergi kan vere utfordrande å kartleggje

    Parfymar kan bestå av svært mange ulike stoff. Dette gjer det vanskeleg å finne ut kva stoff ein er allergisk mot.

    Mange produkt merkte med samleomgrepa "parfum" eller "aroma" utan at enkeltstoffa er oppgitte.

    Derfor er det eigne krav om at namnet på dei mest allergiframkallande parfymestoffa skal stå i ingredienslista. I dag gjeld dette kravet for 24 stoff, og ytterlegare 56 stoff vil bli omfatta av kravet innan 2028.

    Dei nye stoffa er omfatta av ein overgangsordning, slik at produkt som ikkje oppfyller krava

    • ikkje skal plasserast på marknaden etter 31. juli 2026
    • dei som allereie vart plassert på marknaden kan omsettast til 31. juli 2028

    Til saman er 80 parfymestoff  identifiserte som særleg allergiframkallande.

    Eit parfymestoff kan vere allergiframkallande sjølv om det ikkje står på denne lista.

    Kva bør du vere merksam på?

    • Kryssallergi kan oppstå ovanfor andre produkt med parfymekomponentar, til dømes såpe, vaskemiddel og oppvaskmiddel.
    • Både naturlege og syntetiske stoff kan gi allergi
    • Jo lengre eit produkt er i kontakt med huda, jo større er risikoen for allergi.
    • Produkt som blir verande på huda (kremar, lotion, deodorantar og parfyme) inneber større risiko enn produkt som blir skylde av.

    Les meir om kva biverknader som vert vanlege, korleis vi  vert utsette for desse stoffa, og kva ein kan gjera for å unngå duftstoff på FHI si nettside: 

    Biverknadar av parfyme og duftstoff - FHI (fhi.no)

    Slik les du ingredienslista

    Dei mest allergiframkallande duftstoffa skal vere oppførte med namn i ingredienslista.

    Det er likevel ikkje krav om å merke desse som allergen på same måte som i matvarer (der allergen også blir framheva, til dømes med feit skrift)

    I dag må 24 duftstoff merkast med namn. Denne lista utvidast i løpet av 2026 til 2028 til å omfatte til saman 80 duftstoff.

    Parfymestoffar som ikkje er omfatta av krava, vil være merka som "parfum" eller "aroma".

    Andre parfymestoff enn dei som  står på lista, kan også gi allergiske reaksjonar.

    Sida er ein del av denne rettleiinga:

    • Parfymestoff i kosmetiske produkt kan gi allergiske reaksjonar

    Fann du det du leita etter?

    Om nettstedet

    Nyhetsbrev

    Personvern og informasjonskapsler

    Tilgjengelighetserklæring (uustatus.no)

    Åpne data (API)

    Om Mattilsynet

    Kontakt oss

    Ledige stillinger

    Om oss

    Varsle oss