Produsere eller importere kosmetikk
Du som er driftsansvarleg, må registrere verksemda hos Mattilsynet før du set ho i gang.
Du må registrere deg viss du
- er produsent av kosmetikk og kroppspleieprodukt
- er importør av kosmetikk og kroppspleieprodukt frå tredjestatar (land utanfor EU/EØS)
- tek inn kosmetikk og kroppspleieprodukt til Noreg frå EU/EØS-området for grossistomsetning
Viss du tek inn produkt frå EU/EØS, og du berre sel til forbrukar, blir du rekna som distributør i regelverket og treng ikkje å registrere deg. Du har likevel eit løpande ansvar og må reagere dersom det er grunn til å tru at eit produkt ikkje overheld reglane. Mattilsynet kan komme på tilsyn sjølv om du ikkje har registrert deg.
Privatpersonar må melde frå
Viss du som privatperson driv verksemd innan kosmetikk slik kosmetikkloven definerer dette, må du melde frå til Mattilsynet.