Krav til solkrem

Ein solkrem må verne både mot UVA- og UVB-stråling. Begge strålingstypane er rekna for å ha noko å seie for hudkreft.

Publisert

Når du kjøper solkrem, bør du sjekke at solkremen også vernar mot UVA-strålar. SPF (Sun Protection Factor) angir berre vernet mot UVB-stråling. Ein solkrem bør ha eit UVA-vern på minimum ein tredel av UVB-vernet.

Døme: Ein solkrem med SPF 30 bør ha UVA-vern på minimum 10. Mange solkremar er merkte med ein sirkel der det står UVA inni. Dette er eit symbol bransjen bruker for å vise at produktet oppfylle minstekravet til UVA-vern.

Sjå Mattilsynets analysar og merkevurdering av solkrem 2024

Sjå også Kreftforeningens solråd som minskar risiko for hudkreft (kreftforeningen.no)

Krav til solvernprodukt

I 2006 kom Europakommisjonen ut med tilråding om betre solvernande produkt. Krava til produkta er mellom anna at dei skal ha både UVA- og UVB vern, der UVA-faktoren skal vere minst 1/3 av den konvensjonelle solfaktoren (SPF). Vernet skal også vere breispektra med ei kritisk bølgjelengd på minst 370 nm.

Sjå Europakommisjonens tilrådning (PDF)

Sjå risikovurdering frå Vitenskapskomitteen for mattryggleik: UV-stråling og bruk av solkrem