Ulovlege tannbleikemiddel
Bruk av ulovleg høge konsentrasjonar av hydrogenperoksid kan forårsake alvorlege skadar på tannkjøttet og tennene.
Etter tilsyn med åtte tannbleikemiddel selde på nett i 2023, blei sju produkt trekte frå marknaden, og fem fekk omsetningsforbod. Det er likevel ein risiko for at to produkt med ulovleg høgt innhald av hydrogenperoksid framleis blir omsette gjennom andre kanalar, som Finn.no eller via sosiale medium.
Mattilsynet åtvarar mot bruk av følgande produkt:
Advanced teeth whitening system
Tannbleikemiddelet "Advanced teeth whitening system" er eit registrert varemerke frå Dental Bright Technology Co, Ltd., og norsk leverandør er The Dahl Family Norway som opererer frå Filippinane. Leverandøren har lagt ned den norske nettsida si; prisgarantist1.no, men det er mogleg at forbrukarar i Noreg framleis har tilgang på produktet via andre nettsider.
Vaclav Teeth PRO Whitening Pen, Mint Flavor
Tannbleikingspennen "Vaclav Teeth PRO Whitening Pen, Mint Flavor" blei seld av ISHOP AS, med nettadressene ishop.no og skinup.no. ISHOP AS har trekt produktet tilbake. Det er likevel ei moglegheit for at produktet er å få tak i via andre kanalar.