Sjekk om emballasjen er eigna
Mange er usikre på kva som er rett bruk av emballasje til mat og andre næringsmiddel, særleg plastmateriale. Det er sjeldan at éin og same type emballasje eignar seg til alle typar mat og til bruk ved alle temperaturar.
Det er svært viktig at forbrukarane sjekkar merkinga på emballasjen og følger eventuelle bruksavgrensingar.
Matemballasje skal ikkje gi stoff til maten i ei slik mengde at det utgjer ein helsefare. Det er eit grunnleggande krav for alle typar materiale.
Somme matvarer er meinte å bli varma opp i emballasjen dei er pakka i. Produsenten har ansvaret for å sikre at emballasjen er eigna til slik bruk.
Merking av emballasje
Merkinga skal opplyse brukaren om emballasjen er meint for kontakt med næringsmiddel. Glas- og gaffelsymbolet er eitt av fleire merke. Symbolet illustrerer at vara er eigna til kontakt med mat og drikke.
Vara kan alternativt givast ei karakteriserande varenemning, for eksempel "brødpose" eller "matboks". Det kan også stå "for næringsmiddel" eller "for mat".
Aluminiumsfoliar og plastfoliar
Aluminiumsfoliar og plastfoliar er mykje brukte. Ver nøye med å lese bruksrettleiinga for desse produkta fordi dei kan innehalde viktige bruksavgrensingar. Aluminiumsfolie er ofte ikkje eigna til kontakt med sure og salte næringsmiddel. Sure matvarer som sylta raudbetar og agurkar kan oppløyse aluminium. Nokre plastfoliar kan ha avgrensingar for kontakt med feite næringsmiddel eller vere ueigna til oppvarming i mikrobølgeomn.
Glas
Glasbehaldarar kan i utgangspunktet brukast til alt, men pass på varme. Ved høg varme kan glas sprekke.
Krystall inneheld opp til 24 prosent bly. Viss du oppbevarer sure næringsmiddel eller drikkevarer med lågt pH i krystall, som for eksempel portvin i ein krystallkaraffel, vil det vandre bly frå glaset ut i drikkevara. Jo surare drikkevara er, jo meir bly kan givast.
Boksar og esker
Tomme isboksar, yoghurtbeger eller bærkorger blir brukte av mange til oppbevaring av matrestar. Emballasjen er i mange tilfelle berre vurdert ut frå tiltenkt bruk. Det kan for eksempel vere at emballasjen ikkje er vurdert for bruk ved høge temperaturar.
Informasjon om bruksavgrensingar følger som regel ikkje med emballasjen som er rundt ferdigpakka mat. Slik emballasje bør derfor gjenbrukast til mat som ikkje skjel seg frå det opphavlege innhaldet med tanke på surleik, feittinnhald eller temperatur. Det er ingen garanti for at det ikkje vil givast kjemiske stoff frå emballasjen under andre forhold, som for eksempel ved oppvarming av mat .
Tørkerullar
Ikkje alle tørkerullar er eigna til mat. Tørkerullar som er produserte av resirkulert papir, bør ikkje brukast i kontakt med mat eller som "reservefilter" til kaffitraktaren. Resirkulert papir kan innehalde helseskadelege stoff som for eksempel tungmetall og trykkfargerestar, og er derfor berre eigna til å tørke hender og kjøkkenbenker.
Tørkerullar som blir nytta til å tørke av maten bør vere produsert for den aktuelle bruken. Det vil seie at papiret bør vere merkt med glas- og gaffelsymbolet eller med ein tekst som seier at det er eigna for direkte kontakt med kjøtt, fisk eller andre næringsmiddel.
Oppvarming i mikrobølgeomn
Bruk av plastmateriale i mikrobølgeomn krev at plasten toler varme. Det kan vere lurt å sjå om bruk i mikrobølgeomn står omtalt i bruksrettleiinga. Næringsmiddel må berre varmast i originalemballasjen dersom det er angitt på pakken.