Hovudprioriteringane for mat- og grensekontrollområdet i 2026

Dette er hovudmåla for det risikobaserte tilsynet på mat- og grensekontrollområdet i 2026.

Innhald på denne sida

  1. Hovudprioriteringar innan matproduksjon i 2026
  2. Hovudprioriteringar innan servering og omsetning i 2026
  3. Hovudprioriteringar innan grensekryssande varer i 2026

Mattilsynet skal til kvar tid prioritere ressursane sine der risikoen for regelbrot og konsekvensane av desse er størst. Med dette som utgangspunkt vel vi kvart år ut nokre område som blir prioriterte, både når det gjeld rettleiingsarbeid og utøvande tilsyn.

I tillegg til hovudprioriteringane vil Mattilsynet òg, som vanleg, vareta løpande oppgåver, blant anna hendingar, prøvetaking, søknadsbehandling og oppfølging av bekymringsmeldingar.


Hovudprioriteringar innan matproduksjon i 2026

Kjøttverksemder som produserer rå farse og rå hamburgarar, må sikre god hygiene

Mattilsynet vil i 2026 halde fram med tilsyn med at kjøttverksemder følger regelverket og har tiltak for å unngå sjukdomsutbrot frå EHEC-bakteriar eller salmonella i norsk kjøtt.

Mattilsynet vil også undersøke om regelverket for import og samhandel innanfor EØS blir følgd.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?

Dette er ei vidareføring av arbeidet med skitne slaktedyr og slaktehygiene, som blei prioritert i 2024, og tilsyn med kjøttverksemder i 2025. Vi prioriterer å sjekke rutinane i verksemdene for å unngå at kjøttet blir forureina med sjukdomsframkallande bakteriar.

Vi vil setje søkjelys på kva tiltak verksemdene har for å unngå forureina råvarer som kan gjere sluttproduktet ueigna til forbruk. Kjøttråvarer som blir brukte til rå farse og hamburgarar, blir kverna, så det er viktig at desse råvarene er minst mogleg forureina i utgangspunktet. Når kjøttstykka blir kverna, blir bakteriane på overflata jamt fordelte i heile produktet, noko som gir bakteriane gode vekstvilkåra og produktet kort haldbarheit.

Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?

Mattilsynet vil kontrollere heile verdikjeda for å sikre at bransjeretningslinjer er formålstenlege, at regelverket blir følgt, og at reglane for import og handel innanfor EØS blir overhaldne.

Vi vil undersøke kva krav som blir stilte til råvarekvalitet med omsyn til tiltenkt bruk. Vi vil også sjå på fareanalysen og tiltaka verksemda har for å sikre trygge råvarer. Vi vil kontrollere at viktig informasjon om bruksvilkår, som varmebehandling, følgjer kjøttet heile vegen frå slakteri til nedskjeringsverksemder, til andre produsentar, til detaljistar og ut til forbrukar. Dette gjeld både kjøttsorteringar og deigar/farsar.

Når verksemder har innført retningslinja "hygienisk varestraum", undersøkjer vi også om rutinane er formålstenlege for å oppfylle krava.

Mattilsynet vil gjennomføre tilsyn hos eit utval av nedskjeringsverksemder og verksemder som produserer rå hamburgar og tillaga kjøtt i 2026.

Produsentar av eteklare næringsmiddel skal kjenne til risikoen ved slike produkt

Mattilsynet held fram med tilsyn med produsentar av eteklare næringsmiddel i 2026. Vi kontrollerer om verksemdene gjennomfører tiltak som sikrar at eteklare næringsmiddel er trygge for forbrukarane.

Kva er eteklare næringsmiddel?

Eteklare næringsmiddel er mat som kan etast direkte, utan å måtte kokast eller behandlast for å fjerne skadelege mikroorganismar.

Eksempel på slike næringsmiddel er salat, rakfisk, røykt og graven fisk, kjøttpålegg og mjuke ostar.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?

Dei siste åra har det vore fleire sjukdomsutbrot forårsaka av eteklare næringsmiddel.

Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?

Mattilsynet vidarefører eit risikobasert tilsyn med eit utval av produsentar som produserer eteklare næringsmiddel innan kategoriane

  • kjøttprodukt
  • meieriprodukt
  • sjømat
  • frukt og grønt

På tilsyna kontrollerer vi fareanalysen til verksemda og styringstiltaka for å sikre trygg mat. Der det er relevant, vil vi også undersøke korleis verksemda sikrar at næringsmidla er trygge når det gjeld dei mikrobiologiske kriteria.

Tilsyn med produsentar av vegetabil

Mattilsynet gjennomførte i 2025 tilsyn med primærprodusentar av bladgrønsaker. I 2026 vidarefører vi dette arbeidet med tilsyn hos

  • produsentar av bladgrønsaker på friland
  • spireprodusentar
  • produsentar av kornprodukt

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2026?

Formålet med tilsyna er å verifisere at primærprodusentane følger regelverket, slik at produkta dei leverer, er trygge å ete for forbrukarane.

Kva betyr dette for deg, og kva kan verksemda di forvente?

Mattilsynet vil føre tilsyn med alle spireprodusentar og eit utval av produsentar av bladgrønsaker på friland og produsentar av kornprodukt.

Rett bruk og merking av tilsetjingsstoff i sjømatprodukt, kjøttprodukt og bakevarer

Kvifor prioriterer Mattilsynet dette i 2026?

Tilsetjingsstoff skal brukast og merkast rett for å vareta mattryggleik, sikre haldbarheit, halde oppe kvalitet og hindre at forbrukarane blir villeidde.

I 2025 førte Mattilsynet tilsyn med produsentar og leverandørar/importørar av tilsetjingsstoff for å kontrollere at desse blei merkte i tråd med regelverket og tilfredsstilte spesifikasjonane.

I 2026 følger vi opp dette arbeidet med tilsyn hos produsentar av sjømatprodukt, kjøttprodukt og bakevarer. Her vil vi kontrollere både bruken av tilsetjingsstoff og om produkta er riktig merkte.

Kva betyr dette for deg og verksemda di?

Mattilsynet vil føre tilsyn med eit utval produsentar innan sjømat, kjøtt og bakevarer. Under tilsynet ser vi blant anna på

  • rett og lovleg bruk av tilsetjingsstoff
  • om merking og matinformasjon som blir gitt til forbrukarane, er korrekt og ikkje villeier

Hovudprioriteringar innan servering og omsetning i 2026

Catering-verksemder skal få rettleiing tilpassa bransjen sin

Mattilsynet utarbeidde i 2025 rettleiing til regelverket for catering-verksemder. Rettleiinga for trygg mat blei publisert på Mattilsynets nettside, mattilsynet.no. I 2026 vil vi bruke målretta kommunikasjon tilpassa bransjen og forbrukarane for å gjere rettleiinga kjend og lett tilgjengeleg for verksemdene.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?

Erfaring frå utbrot og hendingar viser at nokre serveringsstader produserer mat med sjukdomsframkallande bakteriar.

Korleis jobbar Mattilsynet med dette?

I 2025 blei rettleiinga retta mot catering-bedrifter på nettsidene våre oppdatert.

Catering

Mattilsynet vil bidra til at tilsette på catering-kjøkken (som ikkje er ein del av smilefjesverksemdene) handterer råvarer og produkt på ein trygg måte. Vi skal kommunisere rettleiinga aktivt til bransjen. Vi vil også nytte sosiale medium for å nå ut med bodskapen.

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?

Alle registrerte cateringsbedrifter vil få eit rettleiingsskriv.

Betre innsikt i frittståande daglegvarebutikkar – risikofaktorar og praksis som påverkar mattryggleiken

Mattilsynet skal skaffe betre innsikt i risikofaktorar og praksis som påverkar mattryggleiken i frittståande daglegvarebutikkar.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2026?

Nokre matvarer i frittståande daglegvarer kan innebere kjemiske eller mikrobiologiske helsefarar.

Dette gjer Mattilsynet i 2026

Mattilsynet skal (gjennom tilsyn og intervju med verksemdsansvarlege) skaffe innsikt i korleis enkelte frittståande daglegvarebutikkar varetar trygg mat og held seg oppdaterte på matregelverket. Vidare vil vi bruke innsikta til å utarbeide dei tre viktigaste årsakene til regelverksbrot og ei oversikt over dei vanlegaste kjemiske og mikrobiologiske farane ved matvarer i frittståande daglegvarebutikkar.

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?

  • Nokre butikkar kan få tilsyn. I tilsyna vil det vere fokus på internkontroll og forbodet mot sal av energidrikk til barn under 16 år.
  • Ti tilfeldig utvalde verksemdsansvarlege for frittståande daglegvarebutikkar vil bli kontakta av Mattilsynet for intervju. Målet med intervjua er å forstå utfordringane og behova i bransjen for rettleiing eller anna støtte for å omsette trygg mat i samsvar med regelverket.

Institusjonskjøkken og sårbare grupper

Mattilsynet skal bidra til at institusjonskjøkken ikkje serverer risikoprodukt til sårbare grupper.

Dette vil Mattilsynet gjennomføre i 2026

  • 20 risikobaserte tilsyn på postkjøkken
  • 20 dialogmøte med kommunale leiarar og kjøkkenansvarlege
  • webinar med tilpassa rettleiing til kommunane

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?

  • Postkjøkken kan få tilsyn.
  • Kommunar kan bli kontakta for kartleggingsintervju og rettleiing.

Forbod mot sal av energidrikk til barn under 16 år

Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2026. Mattilsynet skal føre tilsyn og gi rettleiing til verksemder som sel energidrikk.

Dette gjer Mattilsynet i 2026

  • gir rettleiing til utsalsstader
  • inkluderer spørsmål om rutinar for alderskontroll ved tilsyn
  • gir informasjon til daglegvarekjeder og andre utsalsstader, som sportsbutikkar og treningssenter

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?

Verksemder som sel energidrikk, kan få spørsmål om salsrutinar og alderskontroll ved tilsyn.

Verksemder som sel energidrikk, vil få spørsmål om rutinar for sal og korleis dei fører kontroll med alder på kjøpar, når vi kjem på tilsyn. Dette vil naturleg bli gjort i samband med andre hensikter, som tilsyn i frittståande daglegvarbutikkar, ved tilsyn med legemiddelutsal utanom apotek (LUA), oppfølging av bekymringsmeldingar eller på smilefjesinspeksjonar i verksemder som også sel energidrikk.

Rettleiing om den nye forskrifta vil vere tilgjengeleg for utsalsstadene, slik at det blir enklare å gjere seg kjend med krava i forskrifta.


Hovudprioriteringar innan grensekryssande varer i 2026

Importørar har ansvar for å kjenne regelverket og farane ved produkta dei importerer

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette?

Omtrent 60 prosent av maten vi et i Noreg, er importert, ofte frå land med andre produksjonskrav.

Dette gjer Mattilsynet i 2026

  • rettleiing til nye importørar
  • tilsyn hos importørar av utvalde produktgrupper
  • vidareføring av tilsynskampanje for vegetabilske produkt
  • fokus på kriminalitet og ulovleg import

Tilsyn med kosttilskot

Mattilsynet held fram med tilsyn for å hindre omsetning av kosttilskot med ulovlege stoff eller ikkje-godkjend ny mat.

Dette gjer Mattilsynet i 2026

  • tilsyn med verksemder som omset risikoprodukt
  • kontroll av rutinar og regelverksetterleving
  • rettleiingsmøte med bransjen

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?

  • Verksemder skal kjenne reglane for ny mat og visse andre stoffar.
  • Alle kan forvente kontroll.

Tilsyn med matkontaktmateriale

Importørar av matkontaktmateriale har ansvar for at produkta er trygge.

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette?

Nokre materiale kan gi frå seg helseskadelege stoff til mat, og mange importørar er ikkje registrerte hos Mattilsynet.

Dette gjer Mattilsynet i 2026

  • rettleiing om registreringsplikt
  • tilsyn med utvalde importørar
  • kontroll av samsvarserklæringar
  • forbetring av nettsider og informasjon

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?

  • Du kan få tilsyn.
  • Ikkje-registrerte verksemder kan bli kontakta.

Tilsyn med kosmetikk

Kosmetikk omfattar blant anna tannkrem, solkrem, hårprodukt, kremar og såper.

Kvifor fører vi tilsyn?

Marknaden er prega av høg innovasjon og auka netthandel. Nokre produkt har helsefarleg innhald, mangelfull merking eller ulovlege påstandar.

Dette gjer Mattilsynet i 2026

  • Vi vil føre tilsyn med verksemder som tilbyr tannbleiking.
  • Vi vil samarbeide med Tolletaten og andre etatar.
  • Vi vil aktivt informerer forbrukarane om helsefarlege produkt.
  • Vi vil rettleie verksemder om kosmetikkregelverket.
  • Vi vil fortløpande følge opp alvorlege bekymringsmeldingar og hendingar.
  • Vi vil gi rettleiing til verksemder.
  • Vi vil informere forbrukarar om helsefarlege produkt.

Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?

  • Alle verksemder som omset eller innfører kosmetikk, kan få tilsyn.
  • Produkta må vere trygge, lovlege og korrekt merkte.