Hovudprioriteringar innan grensekryssande varer i 2026
Importørar har ansvar for å kjenne regelverket og farane ved produkta dei importerer
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette?
Omtrent 60 prosent av maten vi et i Noreg, er importert, ofte frå land med andre produksjonskrav.
Dette gjer Mattilsynet i 2026
- rettleiing til nye importørar
- tilsyn hos importørar av utvalde produktgrupper
- vidareføring av tilsynskampanje for vegetabilske produkt
- fokus på kriminalitet og ulovleg import
Tilsyn med kosttilskot
Mattilsynet held fram med tilsyn for å hindre omsetning av kosttilskot med ulovlege stoff eller ikkje-godkjend ny mat.
Dette gjer Mattilsynet i 2026
- tilsyn med verksemder som omset risikoprodukt
- kontroll av rutinar og regelverksetterleving
- rettleiingsmøte med bransjen
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?
- Verksemder skal kjenne reglane for ny mat og visse andre stoffar.
- Alle kan forvente kontroll.
Tilsyn med matkontaktmateriale
Importørar av matkontaktmateriale har ansvar for at produkta er trygge.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette?
Nokre materiale kan gi frå seg helseskadelege stoff til mat, og mange importørar er ikkje registrerte hos Mattilsynet.
Dette gjer Mattilsynet i 2026
- rettleiing om registreringsplikt
- tilsyn med utvalde importørar
- kontroll av samsvarserklæringar
- forbetring av nettsider og informasjon
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?
- Du kan få tilsyn.
- Ikkje-registrerte verksemder kan bli kontakta.
Tilsyn med kosmetikk
Kosmetikk omfattar blant anna tannkrem, solkrem, hårprodukt, kremar og såper.
Kvifor fører vi tilsyn?
Marknaden er prega av høg innovasjon og auka netthandel. Nokre produkt har helsefarleg innhald, mangelfull merking eller ulovlege påstandar.
Dette gjer Mattilsynet i 2026
- Vi vil føre tilsyn med verksemder som tilbyr tannbleiking.
- Vi vil samarbeide med Tolletaten og andre etatar.
- Vi vil aktivt informerer forbrukarane om helsefarlege produkt.
- Vi vil rettleie verksemder om kosmetikkregelverket.
- Vi vil fortløpande følge opp alvorlege bekymringsmeldingar og hendingar.
- Vi vil gi rettleiing til verksemder.
- Vi vil informere forbrukarar om helsefarlege produkt.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda forvente?
- Alle verksemder som omset eller innfører kosmetikk, kan få tilsyn.
- Produkta må vere trygge, lovlege og korrekt merkte.