Til hovedinnhold

Ingrediensar i kosttilskott

Kosttilskott skal innehalde ingrediensar som ikkje er helsefarlege å bruke ved den anbefalte døgndosen.

Publisert

Ingrediensar i kosttilskott kan vere vitamin og mineral, såkalla "andre stoff", tilsetningsstoff etc.

Vitamin og mineral

Kosttilskott kan berre innehalde tillatne vitamin og mineral. Kva vitamin og mineral som er tillatne, og etablerte minimums- og maksimumsgrenser finst i vedlegg 1 i kosttilskottsforskrifta.

Sjå også: Rettleiar trygt innhald vitamin og mineral i kosttilskott 

Dei kjemiske forbindelsane som blir brukte som kjelde til vitamin og mineral skal vere helsemessig trygge og liggje føre i ei form som kroppen kan ta opp. For å sikre dette er det etablert ei positivliste over samband som er tillatne å tilsetje til kosttilskott. Sjå vedlegg 2 i forkskrift om kostilskott.

Tilsetning av visse "andre stoffar"

Tilsetning av visse "andre stoff" til kosttilskott er regulert i Forskrift 26. februar 2010 nr. 247 om tilsetning av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel. Sjå vedlegg 3 i forskrifta om vitamintilsetning osb. til næringsmiddel for kva "andre stoffar" og under kva vilkår desse kan tilsetjast i kosttilskott.

Tilsetningsstoff

Kosttilskott er næringsmiddel. Bruk av tilsetningsstoff i kosttilskott er regulert på same måte som i andre næringsstoff. 

Regelverk

Forskrift om kosttilskudd, vedlegg 1

Forskrift om kosttilskudd, vedlegg 2

Forskrift om vitamintilsetning mv. til næringsmidler