Til hovedinnhold

Merking og marknadsføring av kosttilskott

Merking og marknadsføring av kosttilskott skal vere rett, og skal ikkje villeie forbrukaren.

Publisert

Kosttilskott er ikkje medisin, og det er ikkje tillate å påstå eller gi inntrykk av at produktet førebyggjer, legar eller lindrar sjukdom, sjukdomssymptom eller smerter.

Det er heller ikkje tillate å påstå at eit balansert og variert kosthald generelt ikkje gir tilstrekkeleg tilførsel av vitamin og mineral.

Generelle krav til merking som gjeld for andre næringsmiddel, gjeld også for kosttilskott. I tillegg er det spesifikke krav til merking av kosttilskott i kosttilskottsforskrifta. Les meir om dette i kosttilskottsforskrifta og i rettleiaren.

Ernærings- og helsepåstandar

Ny forskrift om ernærings- og helsepåstandar vart implementert i 2010. Føresegnene i denne forskrifta omfattar også kosttilskott.

Les meir om ernærings- og helsepåstandar.

Regelverk

Forskrift om ernærings- og helsepåstander om næringsmidler