Kvalitet på egg som skal seljast
Egga skal vere reine og tørre. Dei skal vere beskytta mot sollys, framand lukt og støyt under handtering, lagring og transport.
Kriterier for egg med riktig kvalitet (klasse A):
- Skal og kutikula (ytre hinne) har normal form og er rein og uskadd.
- Luftblæra er ikkje over 6 mm.
- Plomma er i midten og utan tydeleg omriss. Ved dreiing flytter ikkje plomma seg merkbart frå midten og kjem raskt tilbake til sentrum av egget
- Eggekvita er klar og gjennomsiktig.
- Kimplet (streng som held plomma midt i egget) er ikkje synleg utvikla.
- Egget har ikkje framande delar (t.d. blodegg).
- Egget har ikkje framand lukt.
Gjennomlysing av egga er ein god måte å sikre riktig kvalitet.