Fakta om Clostridium botulinum

C. botulinum er ein sporedannande bakterie. Sporar kan vere i jordsmonn, søle og sediment, og i tarmkanalen hos fisk og andre dyr.

Publisert

Ved riktige forhold (anaerobt miljø, lågt salt- og sukkerinnhald,  pH > 4,6) kan desse sporane livne til (germinere), og bli aktive bakteriar som produserer giftstoff (toksin) i maten. Toksinet kan føre til sjukdomen botulisme, som kan ha  svært alvorlege symptom. Utbrot av botulisme er sjeldan i Norge. Dei få tilfella knytt til rakfisk, er forårsaka av privat nedlagt fisk.