Tiltak mot Clostridium botulinum

Grunnleggande god produksjonshygiene er første trinn for å unngå botulisme. Vesentlege faktorar er god handhygiene, unngå tilsøling med tarminnhald frå fisken, og sørge for at fisken ikkje er i kontakt med bakken eller golvet.

Publisert

Andre trinn er å hindre vekst og toksinproduksjon. Dette er mogleg ved nøyaktig styring med saltinnhald og modningstemperatur. Rettleiande verdiar i tradisjonsbasert kommersiell rakfiskproduksjon, er minst 5 % salt og modningstemperatur under 8 °C. Ein kritisk fase i produksjonen er før saltet har fordelt seg i fisken, og derfor er låg nok temperatur ekstra viktig i denne fasen.

Ved privat nedlegging av rakfisk er rettleiande verdiar minst 6 % salt og modningstemperatur under 6  °C.  

Ferdig modna fisk har framleis gode vekstvilkår for C. botulinum, og det må vere styring med lagringstemperaturen så lenge fisken er haldbar.

Prøvetaking

Det er styring med sjølve produksjonen som sikrar trygg fisk. Dersom det har blitt danna toksin, kan det finnast berre i ein butt, eller berre i ein fisk i butten. Prøvetaking er ikkje eigna til å finne ut om fisken er trygg å ete.

Fareanalyse

Clostridium botulinum er ein fare i rakfiskproduksjon, og skal vere med i fareanalysen. Sjå Listeria og fareanalyse.