Tiltak mot Listeria

Kontroll med råvarer, tid og temperatur samt førebygging i produksjonsmiljøet er gode tiltak mot Listeria.

Publisert

Kontroll med råvarene

God kontroll med råvarene førebygger at Listeria kjem inn i produksjonsmiljøet. Dette er eit vesentleg tiltak for å redusere faren for Listeria i det ferdig produktet, sidan seinare produksjonstrinn som salting og fermentering (raking) ikkje vil fjerne Listeria. 

Produsentar kan stille krav til råvareleverandørane om at dei har førebyggande tiltak mot Listeria, og at dei informerer dersom dei påviser bakterien ved prøvetaking. 

Høg temperatur ved nedlegging og lang lagringstid mellom slakting og nedlegging, har truleg vore årsak til utbrot med listeriose etter inntak av rakfisk. Dette er eksempel på at det er nødvendig å ha god kontroll med råvarene. 

For å verifisere at du har god kontroll med råvarene, er det behov for regelmessig prøvetaking. 

Sjå også:

Listeria påvist i rakfisk (vetinst.no) 

Utbrudd av listeriose i Norge (fhi.no) 

Førebygging i produksjonsmiljøet

Reine og ureine soner, sluser mellom sonene og gode rutinar for flyt av personell og utstyr, er sentralt for å førebygge at Listeria kjem inn i produksjonen. Når bakterien først har etablert seg i produksjonsmiljøet, er han svært vanskeleg å bli kvitt. Bakterien kan legge seg i sprekker og holrom, og gjerne på fuktige stader som til dømes i ventilasjonssystemet. Listeria kan produsere biofilm på nesten alle overflater og kan vere svært vanskeleg å fjerne. Hygienisk design av utstyr og lokale, og regelmessig og effektivt reinhald er avgjerande for å unngå at Listeria får etablert seg.

Systematisk prøvetaking av lokale og utstyr før nedlegging av fisk, og før opning av buttane for handtering og ompakking av ferdig raka fisk, er nødvendig , slik at du kan reagere raskt og sette i verk tiltak dersom Listeria blir oppdaga. Det skal gå fram av styringssystemet kva tiltak verksemda gjennomfører ved funn av Listeria. 

For meir informasjon om krav til tiltak mot Listeria og til prøvetaking, sjå Mattilsynets retningslinje for tilsyn med Listeria monocytogenes i spiseferdige næringsmidler (PDF) og Kriterium og metodar for å sikre trygg eteklar mat.

Sjå også:
Veiledning for forebygging, overvåking og fjerning av listeria i laksenæringen (PDF, nofima.no) 

EU Guidelines on sampling the food processing area and equipment for the detection of Listeria monocytogenes (PDF, europa.eu)

Kontroll med tid og haldbarheitstid 

Det er av stor betydning at du har styring med temperatur under produksjon og lagring, for å hindre at Listeria veks til helseskadelege nivå. Listeria kan vekse ved temperatur heilt ned til 0 °C, og veks også i vakuum- og MAP-pakningar.

Det er utvikla ulike brukarvenlege modellar som bereknar vekst av Listeria i eit næringsmiddel, når du legg inn opplysningar som til dømes temperatur, saltinnhald, pH og mjølkesyrebakteriar.

Food Spoilage and Safety Predictor (FSSP) (dtu.dk) er døme på eit program du kan bruke for å undersøke korleis ulike lagringstemperaturar påverkar vekst av Listeria, og dermed kva haldbarheit produktet kan ha. 

Sjå også:

EU rettleiing -  Listeria monocytogenes shelf-life studies for ready-to-eat foods (europa.eu)

Retningslinje for tilsyn med Listeria monocytogenes i spiseferdige næringsmidler

Regelverk