Bløgging og sløying

Hovudregelen er at fisk skal bløggast i takt med opptak. Fisk blir ikkje rekna som bløgga viss han har blodfylte årar i buk eller som etter skyljing er raud av blod i nakke og buksnitt.

Publisert

Det finst fleire unntaksreglar om bløgging, og pelagiske artar er halde unna bløggekravet. Det same gjeld for direkte håva notfanga sei under 58 cm til visse bruksmåtar, blåkveite under 2 kg som blir frose inn omgåande og seinast fire timar etter opptak og for fisk bestemt til tradisjonelle produksjonar på visse vilkår. 

Fisk som er påboden bløgga skal sløyast. Det finst også unntak frå denne bestemminga. Sei som er unnatatt bløggekravet skal likevel sløyast. Fisk som skal gå til produksjon av fiskemjøl, -olje, marine ingrediensar osb berekna til konsum er fritatt frå krav om sløying. 

Sløying skal skje snarast mogleg etter utbløding, slik at kvaliteten ikkje ringast. Fisk med mykje åte skal sløyast før teikn til buktæring oppstår. Dersom kvaliteten på fisk ved landing er minka, kan for sein sløying vere årsak. 

Regelverk

  1. Forskrift om kvalitet på fisk og fiskevarer
  2. Forskrift om kvalitet på fisk og fiskevarer