Godkjenning av mobile mottak

Mobile mottak som blir nytta ved landing og handtering av fisk skal som hovudregel vere godkjente etter hygieneregelverket.

Publisert

For å få godkjenning må blant anna krav til hygienisk produksjon vere oppfylt, under dette også at det blir etablert eit internkontrollsystem. 

Som ei forenkling har vi tidlegare lagt til rette for at mobile mottak for levande kongekrabbe kan godkjennast som ein del av mottaksverksemder allereie godkjent av Mattilsynet, dersom dei er tilknytte ein slik. Dei slepper derfor å søke om godkjenning på sjølvstendig grunnlag. 

Tilrettelegginga for mobile mottak av levande kongekrabbe er gjord ut frå ei vurdering av risiko ved produktet og gjeld ikkje for fisk eller andre artar. 

Mobile mottak (mobile kjøpestasjonar) som får/kjøper og handterer til dømes fisk og reker skal som hovudregel vere godkjente av Mattilsynet. Det er fordi Fiskeridirektoratet har krav til fortløpande sortering og veging osb. ved landing, og denne handteringa kan utløyse krav i hygieneregelverket om godkjenning. 

Bruken av mobile mottak er for tida til vurdering, og Mattilsynet har dialog med Fiskeridirektoratet i dette arbeidet. Vurderinga kan få noko å seie for registrering og bruken av mobile mottak framover. Mattilsynet vil inntil vidare ikkje handheve kravet om godkjenning av mobile mottak i påvente av dette arbeidet, og vil vente med å vurdere og behandle eventuelle søknader godkjenning. 

Sjå også informasjon om kjøparregistrering og mobile kjøparstasjonar hos Fiskeridirektoratet