Kva er primærproduksjon fiske?

Primærproduksjon blir definert i regelverket som "produksjon, oppdrett eller dyrking av råvarer, under dette innhausting, mjølking og husdyrproduksjon før slakting. Jakt, fiske og innhausting av viltveksande vekstar blir òg omfatta."

Publisert

Råvarer blir brukte om produkt frå primærproduksjonen, under dette produkt frå jordbruk, oppdrett, jakt og fiske. 

I samband med fiske omfattar primærproduksjon også slakting, bløgging, hovudkapping, sløying, fjerning av finnar, nedkjøling og innpakking av fisk, dersom det blir utført om bord på fiskefartøyet. Fisken vil framleis vere ei råvare etter å ha gått gjennom desse arbeidsoperasjonane om bord. 

Ytterlegare handtering av fisk om bord vil krevje godkjenning som fabrikkskip eller frysefartøy. Med fisk siktar ein til alle artar av fisk, krepsdyr, blautdyr og pigghuder eller delar av desse. 

Transport frå primærproduksjonsstaden til den første føresegnverksemda er primærproduksjon. 

Regelverk

  1. Matlovsforskriften
  2. Animaliehygieneforskriften