Landing og levering av fisk

Fiskefartøyet kan levere råvarer frå fiske til både godkjente og registreringspliktige verksemder (under dette detaljistar som restaurantar, serveringsstader, butikkar og mobile salsenheter). 

Publisert

Råvarene kan leverast direkte ved at fiskefartøyet ligg til kai ved verksemda eller råvarene kan leverast via transport på primærproduksjonsnivået. Råvarer frå fiske kan også leverast direkte til sluttforbrukar. 

Regelverk

Animaliehygieneforskriften, avsnitt VIII: Fiskerivarer

Kapittel II

1.   Driftsansvarlege for næringsmiddelføretak som har ansvar for lossing og landing av fiskerivarer, skal:
a.   sikre at utstyr til lossing og landing som kjem i kontakt med fiskerivarene, er av eit materiale som er lett å reingjere og desinfisere, og alltid er velhaldt og reint,
og

b.   unngå at fiskerivarene blir forureina under lossing og landing, særleg ved:
i.   at lossing og landing blir utført raskt,
ii.   at fiskerivarene så raskt som mogleg blir plassert i eit beskytta miljø ved den temperaturen som er angitt i kapittel VII,
og

iii.   ikkje bruke utstyr og metodar som fører til unødig skade på dei etande delane av fiskerivarene.