Tilsynsrapport

Tilsyn med produksjon av røykelaks og rakfisk 2024-2025

Mattilsynet har gjennomført ein tilsynskampanje for å vurdere korleis produsentane av røykelaks og rakfisk sikrar trygg mat. Kampanjen la særleg vekt på tiltak mot Listeria og vurderingar knytt til haldbarheitstida til produkta.

Publisert
Kva blei undersøkt?

Mattilsynet reviderte godkjende verksemder i Noreg som produserer røykt/grava laksefisk og rakfisk, totalt 55 verksemder (44 røykelaksprodusentar og 11 rakfiskprodusentar).

I tillegg vart det gjennomført digitalt tilsyn med 28 registrerte rakfiskprodusentar, som produserer mindre mengder rakfisk og sel i eit avgrensa område.

Tidsrom
1. september 2024 – 1. mai 2025
Kva leita vi etter?

Verksemdene sine tiltak for å sikre at produkta deira er trygge å ete. Mattilsynet la vekt på verksemdene si styring med farene Listeria monocytogenes, Clostridium botulinum og uønska stoff ved røyking (PAH).

Kva fann vi?
  • Dei fleste verksemdene fekk pålegg som dei må rette opp. Pålegga vart gitt i form av skriftleg rettleiing, varsel om vedtak eller vedtak.
  • Dei fleste reaksjonane var knytt til verksemdene si fareanalyse og kritiske styringspunkt.
  • Det var lite kunnskap om PAH som ei mogleg fare, og vi rettleia verksemdene om dette.
  • Det vart også gitt ein del reaksjonar knytt til manglande styring med Listeria i råvarene.
  • Ein del verksemder mangla tilfredsstillande prøvetakingsplan for miljøprøvar, og tilstrekkeleg dokumentasjon på at dei overheld grenseverdien for Listeria.

Tilsynskampanjen viser at mange produsentar av røykelaks og rakfisk har forbetringsbehov, særleg når det gjeld å forebygge og handtere risikoen for Listeria. For å sikre trygge produkt, må produsentane bruke kunnskapen dei har om produkta sine eigenskapar til å fastsette riktig haldbarheitstid.

Gjennom kampanjen har Mattilsynet fått verdifull innsikt i utfordringar og forbetringsområder knytt til produksjon av røykelaks og rakfisk. Denne kunnskapen dannar eit godt grunnlag for målretta tilsyn framover, og viser at tett dialog med bransjen er viktig for å utvikle tiltak som styrker produksjonen av trygg sjømat.

Fil
Rapport Tilsyn med poduksjon av røykelaks og rakfisk 2024 - 2025