Næringsmiddelverksemd
Dersom du skal fungere som grossist og distribuere honning i stort omfang, eller selje til detaljistar utanfor ditt lokalområde, er dette ei næringsmiddelverksemd.
Da må du må følgje hygienekrava i vedlegg II til næringsmiddelhygieneforordninga, og det er krav om internkontroll.
Honning er animalsk mat, men sidan det ikkje er særskilde krav til verksemder som vidareforedlar honning, treng du ikkje søkje om godkjenning. Du skal registrere verksemda i skjematenesta til Mattilsynet. Bruk skjema "Ny matbedrift…", og vel aktiviteten "produksjon av sjokolade, honning og sukkervarer". Det er inga avgrensing på kor mykje, eller kor, du kan selje honning som registrert verksemd.
Registrering av næringsmiddelverksemd
Du skal vere registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du importerer, håndterer, lagrar eller omset næringsmiddel.
Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynet si skjemateneste.
Skjemaet skal også brukast dersom du vil utvide aktiviteten i ei allereie eksisterande verksemd og starte med ein ny aktivitet som ikkje er registrert.