Registrering av slyngerom – produksjon og sal av honning
Du må underrette Mattilsynet om kva type slyngerom du bruker.
Det gjer du enklast ved å fylle ut det elektroniske skjemaet "Registrer/oppdater birøkt" (det same skjemaet som vert brukt for å registrere bigardsplassar). I skjemaet vel du da anten «Eige slyngerom» eller «Felles slyngerom» i feltet "Slyngerom". Når du bruker felles slyngerom, må du i tillegg gje nokre opplysningar om eigaren.
Slik gjer du
Fyll ut skjemaet "Registrere eller oppdatere birøkt" på Mattilsynet si skjemateneste.
Registrere eller oppdatere birøkt (nynorsk)
Du skal bruke dette skjemaet dersom du skal:
- registrere nye bigardsplassar hos Mattilsynet
- oppdatere eller rette opplysninger om bigardsplassar du tidlegare har registrert hos Mattilsynet
- melde frå til Mattilsynet om at du har lagt ned bigardsplassar.
- be Mattilsynet om å foreta undersøkingane som krevst for å flytte bier internt i Noreg (sertifisere bigarden)
- melde frå til Mattilsynet om at du sjølv har utført undersøkingane som krevst for å flytte bier frå bigarden internt i Noreg (sertifisere bigarden).
- varsle Mattilsynet om slyngerom du bruker
Skjemaet viser til forskrifter som er oppheva og erstatta av nye forskrifter. Dei nye forskriftene tredde i kraft 28. april 2022. Sjå oversikt over erstatningar. Mattilsynet jobbar fortløpande med oppdatering av sine digitale skjema.