Særskilte krav til merking og sporing
I tillegg til dei vanlege krava til merking er det særskilte krav for levande fisk, fersk, kjølt eller fryst fisk (filet, skiver med mer), røykt fisk og fisk som er tørka, salta eller i saltlake.
Ved sal skal du opplyse om:
- Fiskeart
- Produksjonsmetode (oppdretta, fiska i ferskvatn eller fiska i havet)
- Fangstområde eller opphavsland
- Fangst- eller slaktedato for ferske produkt
For at opplysningane skal nå fram til forbrukar skal dokumentasjonen følgje fisken gjennom distribusjonskjeda.
Dei særskilte merkekrava gjeld ikkje
- fiskeprodukt som til dømes grava fisk, rakfisk, fiskemat eller hermetisert fisk
- små mengder som fiskarar eller oppdrettarar sel direkte til forbrukar
Uforedla fryst fisk skal ein merke med innfrysingsdato.