Krav til opphavsmerking av kjøtt frå storfe, svin, sau, geit og fjørfe
Alt ferskt, kjølt eller fryst kjøtt frå storfe og alt ferdigpakka ferskt, kjølt eller fryst kjøtt frå svin, sau, geit og fjørfe skal ha opphavsmerking.
I tillegg til dei generelle krava til merking av mat, gjeld det særskilte krav for opphavsmerking.
Alle aktørar som produserer, distribuerer eller sel slikt kjøtt, skal ha eit system som gir dokumentasjon på samanhengen mellom kjøttråvarene inn i verksemda og kjøttet ut av verksemda. Dette gjer det mogleg å spore kjøttet tilbake til det einskilde dyr eller ei gruppe av dyr.
Hjelp til praktisk løysing finn du i Veiledning om opprinnelsesmerking og system for identifisering og registrering av kjøtt fra storfe svin sau geit og fjørfe (PDF).