Slakting av små mengder fjørfe og haredyr

Du kan slakte dine eigne fjørfe eller haredyr på eiga driftseining utan offentleg kjøttkontroll. Vilkåra er at du slaktar mindre enn 10 000 dyr pr. år, at lokala er tilpassa til slakting, og at du har godkjenning frå Mattilsynet. 

Publisert

For å få godkjenning må minst ein person tilknytt driftseininga bestå prøve i eit kompetanseprogram. Denne personen må vere til stades ved slaktinga. Animalia har godkjende kurs for hald og slakting av fjørfe, og Høgaunet Gård har godkjende kurs for hald og slakting av haredyr. 

Ferskt kjøtt (kjølt, fryst, heilt eller nedskore) frå desse dyra, kan du berre selje til sluttforbrukar eller til lokal detaljist.