Merking 

I tillegg til dei vanlege krava til merking må du ta omsyn til desse punkta:

Publisert
  • På produkt av upasteurisert mjølk skal det stå: «Framstilt av rå mjølk» eller «Framstilt av upasteurisert mjølk». Ved servering eller sal over disk må du sørge for at forbrukaren får opplysning om dette, til dømes ved oppslag eller munnleg informasjon. 
  • Dersom ein ikkje skal ete skorpa på osten, må dette stå i merkinga. 
  • Tilset du krydder og dette er bestrålt, skal dette stå i merkinga. 
  • Ved ompakking av varer frå andre produsentar må du merkje produktet slik at forbrukaren forstår at produktet ikkje er produsert i di verksemd.