Rømme for sal på stølen

Fleire stølar sel eller serverer små mengder eigenprodusert rømme om sommaren. Ofte er rømmen av rå mjølk og i avgrensa mengde.

Publisert

Du må registrere dette i Mattilsynet si skjemateneste. Det skal vere gode rutinar for orden og reinhald, og du må vite korleis du skal unngå kryssforureining mellom dei ulike oppgåvene du gjer for å lage rømme. 

Sjølve syrninga er det særleg viktig å ha styring på. Det gir god styring å skrive ned pH og temperatur for kvar syrning. Registrering av kvar dagsproduksjon med dato og mengde sikrar kontroll med sporing og rett merking av haldbarheit. 

Sida er ein del av denne rettleiinga: