Sal av rå mjølk

I Noreg er det påbod om at all mjølk som skal seljast til forbrukar skal vere varmebehandla, og du kan derfor ikkje selje mjølk rett frå mjølketanken. 

Publisert

Det er eitt unntak frå dette: tilfeldig sal frå gard eller seter direkte til forbrukar som skal bruke mjølka i eige hushald. Eit eksempel på dette er når ein turist kjem innom setra og vil kjøpe eit spann mjølk. Det er likevel ikkje lov å selje rå mjølk regelmessig til turistar eller andre privatpersonar.

Du kan selje rå mjølk til næringsmiddelverksemd som skal bruke mjølka til vidareforedling. Lagring og transport må skje på ein måte slik at kvaliteten på mjølka ikkje vert forringa. Verksemda som mottar mjølka må ha rutinar for å ta imot mjølka og handtere ho slik regelverket krev.

Rå melk bør varmebehandles