Det er ulovleg å selje rå mjølk til forbrukarar
Fare for sjukdom er årsaka til at det forbode å omsette rå mjølk (upasteurisert mjølk).
Smittestoff som bakteriar, virus og parasittar kan komme over i mjølka under mjølking, for eksempel frå sjuke dyr, frå infeksjon i juret, sår på spenane eller frå avføring.
Barn er ekstra utsette for giftproduserande variantar av bakterien E. coli (STEC). Vi har det siste tiåret opplevd at fleire barn har blitt sjuke etter å ha vore på besøksgard, blant anna etter å ha drukke rå mjølk. Barn bør ikkje drikke rå mjølk, og bør vaske hendene godt etter å ha vore i kontakt med dyr, særleg før dei et.
For gravide er Listeria monocytogenes ein ekstra risiko.
Unntak frå forbodet mot å omsette rå mjølk
Det einaste unntaket er tilfeldig sal frå gard eller seter direkte til forbrukarar som skal bruke det i eige hushald. Eit eksempel på dette er når ein turist kjem innom setra og vil kjøpe eit spann mjølk. Det er likevel ikkje lov å selje rå mjølk regelmessig til turistar eller andre privatpersonar.