Mjølk i norske butikkar er pasteurisert

Sidan begynninga av 1950-talet har det vore påbode å varmebehandle rå mjølk før ho blir omsett.

Publisert

Pasteurisering vil seie at mjølka varmebehandlast ved minimum 72 ºC i minst 15 sek. eller ved tilsvarande kombinasjonar av temperatur og tid. Dei fleste mikroorganismane i rå mjølk blir drepne ved pasteurisering. Pasteurisering er eit av dei historisk viktige tiltaka for å betre folks helse.

Definisjonen på rå mjølk finst i animaliehygieneforordningen (Forordning EF nr. 853/2004 vedlegg I pkt. 4.1).

Sida er ein del av denne rettleiinga: