Registrering og godkjenning ved kortvarig sal av mat

Om du må registrere eller søke godkjenning for  kortvarig sal av mat, kjem an på korleis salet går føre seg.

Fagleg oppdatert

Dersom du sel eller serverer mat på messer, festivalar, bondens marknad etc., skal du registrere det i skjematenesta. Når du har meldt frå om at du driv med "mobilt sal", treng du ikkje å melde frå til Mattilsynet om dei ulike plassane og tidspunkta du skal selje. 

Dersom du skal ta med animalske produkt til utlandet på t.d. messer eller konkurransar, er det krav om at verksemda er godkjent. Registrerte verksemder kan i særskilte høve delta i konkurransar. Ein må då søke vertslandet om løyve, og høyre om produktet kan sendast som vareprøve. 

Meir om kortvarig sal av mat