Er frukt og grønsaker i Noreg voksa?
Det er lov å vokse enkelte frukter og grønsaker. Dette blir da rekna som eit tilsetningsstoff i produktet.
Frukt og grønsaker blir ofte vaska etter innhausting, og dei kan da miste det naturlege laget av overflatevern. For å hindre uttørking og soppangrep blir overflata voksa. All voks er ufordøyeleg og blir ikkje absorbert i tarmen.
Av produkta som kan bli voksa, er det nesten berre eple og fersken vi et med skalet på. Det er ikkje alltid slik at epla som ser mest voksa ut, nødvendigvis er det, fordi ein del eple har eit naturleg vokslag som gir dei ein blank, skinnande utsjånad.
Ikkje voksing av økologisk frukt
Generell voksing av økologisk frukt er ikkje tillate. Voksen blir rekna som eit tilsetningsstoff i produktet, og ingen av vokstypane som blir nytta til konvensjonell frukt, er tillatne i økologisk produksjon.