Råd om hygiene ved utslakting
Jegeren sjølv, og utstyr som blir nytta (til dømes kniv), er den største potensielle forureiningskjelda.
Viss du ikkje er frisk, overlat utslakting til andre.
Dette bør du som jeger tenkje på ved utslakting:
- Byrj med grundig handvask. Viss du er i felt og ikkje har tilgang på reint vatn, er plasthanskar og våtserviettar eit alternativ. Hugs å skifte hanskar når dei blir skitne.
- Bruke éin kniv til å sprette opp skinnet ved uttak av indre organ og ein ny, rein og desinfisert, kniv når du flår eller deler slaktet. Då hindrar du at bakteriar blir overførte via kniven frå skinn, klauver etc, til kjøtte.
- Ta ut bryst- og bukhuleorganer, unnateke nyrene, fortast mogleg. Det er spesielt viktig å få ut vom og innvolar utan at dei blir stukne hol på.
- Lær deg korleis du tek ut endetarmen med ein rein plastpose etter at han er ringd ut. Då hindrar du at slaktet blir tilsølt med tarmbakteriar.
- Oppbevar organa i nett, striesekk eller papirsekk.
- Flå slakta hengjande. Flåingen blir då meir nøyaktig og du hindrar at kjøttet blir tilsølt med bakteriar frå skinnet.
- Ved lufttemperatur på over 8º C bør slaktet fraktast raskt til eit kjølerom. Pass på at skrotten ikkje blir forureina av tilhengjar, presenning eller liknande. Bruk gjerne viltpose.
- Rask nedkjøling er spesielt viktig når kjøtt skal henge til modning. Sperr ut kroppshòlene for best mogleg luftsirkulering. Store oksar bør snittast opp i nakkemuskulaturen.
- Modne kjøtte i lokale der skadedyr (insekt, gnagarar, fuglar) ikkje kan komme inn. Er det ikkje mogleg, bruk viltpose.
Du kan ta kurs i foredling av viltkjøtt: Foredling av hjorteviltkjøtt – Skogkurs (skogkurs.no)
Vilt skoten med blyhaldig ammunisjon
Dersom viltet er skote med blyhaldig ammunisjon, må alt skadd vev og 10 ekstra centimeter i radius rundt skotkanalen blir fjerna for at kjøttet skal kunne betraktast som trygt. Hugs at du ikkje bør gi dette kjøttet til hunden heller.
Dette gjeld uavhengig av om jegeren skal bruke alt kjøttet i eige hushald, om det skal givast bort, eller seljast vidare til private eller til bedrifter
Begrens inntaket av viltkjøtt med blyrestar
Vilt skoten i mage eller tarm
Vilt skoten i vom eller i tarm er ikkje eigna som mat fordi kjøttet blir forureina med mage eller tarminnhald. Mattilsynet godkjenner ikkje dyr som er skote i vom eller tarm, og du kan ikkje selje det.