Nyheit

Har du matservering med eiga drikkevasskjelde? No blir krava ein del av smilefjestilsynet

Trygt drikkevatn er ein viktig del i produksjonen av trygg mat. Frå 1. mai 2026 blir kravpunktet 3.2 Vatn og is i Veileder til virksomhetene om smilefjesordningen obligatorisk i smilefjestilsynet. Det betyr at inspektørane vil sjå nærare på korleis du sikrar trygt vatn til matproduksjon og servering.

Publisert

Som verksemd med eiga drikkevassforsyning er du ansvarleg for at drikkevatnet du brukar er trygt, og at det ikkje inneheld forureining som kan påverke helsa til kundar eller tilsette. Du må kunne dokumentere at du har kontroll med vassforsyninga og at vatnet er trygt.

Dette omfattar blant anna:

  • sikring av brønn og tilsigsområde
  • nødvendige hygieniske barrierar og vassbehandling
  • driftsrutinar og dokumentasjon for UV‑anlegg (der dette blir brukt).
  • regelmessig prøvetaking og prøvetakingsplan
  • internkontroll og handtering av avvik

Kva vil Mattilsynet sjå på under tilsynet?

Under smilefjestilsynet vil inspektøren mellom anna vurdere:

  • kvalitet og tryggleik på vatn som blir brukt til matlaging (inkl. isbiter), reinhald, handvask
  • rutinar for drift, prøvetaking og avvikshandtering
  • om verksemda følgjer informasjonen gitt i Drikkevatn frå eiga vasskjelde

Vi vil bruke ei eiga sjekkliste for å sikre lik praksis og tydeleg rettleiing: Sjekkliste for drikkevann med egen vannforsyning

Rettleiing og nyttige ressursar

Her på nettsidene våre finn du samla informasjon om kva som krevst, og korleis du kan sikre trygg drift.  Vi anbefaler at du set deg godt inn i rettleiinga og sjekkar at rutinane dine oppfyller krava før inspektøren kjem.

Drikkevatn frå eiga vasskjelde

Startpakke for nye matbedrifte

Veileder om smilefjesordningen