Krav til dataene som leverast til Matvaretabellen
Vi kan ta imot både analyseverdiar og berekna verdiar, men det er viktig at du presiserer kva for verdiar som er analysert og kva for verdiar som er berekna.
Vi ønsker òg informasjon om kva for næringsstoff som er berika. På sikt planleggjer vi å publisere informasjon om kva for matvarer som er berika på matvaretabellen.no.
Næringsstoff
Du finn oversikt over næringsstoffa (ODS) i Matvaretabellen i dette reknearket. Oversikten er inndelt i næringsstoff vi må motta verdiar for, andre næringsstoff i Matvaretabellen og næringsstoff vi ønsker å leggje til på sikt. Dette gjeld både for nye matvarer og for oppdatering av matvarer som er i tabellen.
Vi må ha verdiar for
- Totalfeitt
- Sum metta feittsyrer, sum einumetta feittsyrer, sum fleirumetta feittsyrer
- Stivelse
- Sukkerartar (sum)
- Protein
- Salt/natrium
- Alkohol (for alkoholhaldige drikkevarer)
- Kostfiber
- Vitamin/mineral som er særleg viktig for den enkelte matvare
Vi ønsker òg verdiar for resten av næringsstoffa i oversikten, men det er ikkje obligatorisk.
Vår kvalitetssikring av dataene
For at ei matvare skal kunne bli lagt til i Matvaretabellen må det vere tilgjengelege næringsstoffverdiar for alle næringsstoffa i tabellen. Vi forsøker å rekne ut eller estimere verdiar for dei næringsstoffa som ikkje blir levert, men dersom det ikkje er mogleg, vil ikkje dataene blir publisert.
Vi vurderer dei innsendte dataene, og informerer dykk om kva data som blir publisert før publisering.