Mattilsynet ønsker data om næringsstoff i matvarer til Matvaretabellen
Matvaretabellen er ein matvaredatabase som viser innhaldet av energi og næringsinnhald i matvarer. Dataene kjem frå fleire kjelder, som Mattilsynets eigne analysar og data som matindustrien leverer. Data frå industrien er eit viktig bidrag til å få gode data i Matvaretabellen og spegle matvarene som er tilgjengelege i daglegvaremarknaden.
Matvaretabellen er eit gratis verktøy som tilbyr kvalitetssikra data om innhald av energi og næringsstoff i matvarer. Tabellen inneheld data om 50 næringsstoff i 2100 matvarer.
Informasjon om næringsinnhald i matvarer er viktig for mange grupper i samfunnet. Matvaretabellen brukast av forbrukarar, matindustrien, matforvaltninga, utdanningssektoren, forskarar og fagfolk innan ernæring og helse. Dataene i Matvaretabellen brukast òg i kostverktøyet Kostholdsplanleggeren (kostholdsplanleggeren.no), og inngår som del av datagrunnlaget i dei nasjonale kosthaldsundersøkingane.
Levering av næringsstoffdata til Matvaretabellen
Neste versjon av Matvaretabellen blir publisert i januar 2026.
Mattilsynet kan ta imot både analyseverdiar og utrekna verdiar. Om mogleg ønsker vi òg informasjon om kva for næringsstoff som er berika. Sjå kravspesifikasjonen for meir informasjon.
Du kan sende data til Matvaretabellen til matvaretabellen@mattilsynet.no.
Frist for å levere data til neste versjon av Matvaretabellen er 1. oktober.
Format for innsending av data er valfritt, men du kan bruke denne malen (ODS) om du ønsker det.
Det er frivillig å levere data til Matvaretabellen.