Mattilsynet ønskjer data om næringsstoff i matvarer til Matvaretabellen
Matvaretabellen er ein matvaredatabase som viser innhaldet av energi og næringsinnhald i matvarer. Dataa kjem frå fleire kjelder, som Mattilsynets eigne analysar og data som matbransjen leverer. Data frå bransjen er eit viktig bidrag til å få gode data i Matvaretabellen og spegle matvarene som er tilgjengelege i daglegvaremarknaden.
Matvaretabellen er eit gratis verktøy som tilbyr kvalitetssikra data om innhald av energi og næringsstoff i matvarer. Tabellen inneheld data om 50 næringsstoff i 2100 matvarer.
Informasjon om næringsinnhald i matvarer er viktig for mange grupper i samfunnet. Matvaretabellen blir og brukt av forbrukarar, matbransjen, matforvaltninga, utdanningssektoren, forskarar og fagfolk innan ernæring og helse. Dataene i Matvaretabellen brukast også i kostverktøyet Kostholdsplanleggeren (kostholdsplanleggeren.no) og inngår som del av datagrunnlaget i dei nasjonale kosthaldsundersøkingane.
Levering av næringsstoffdata til Matvaretabellen
Neste versjon av Matvaretabellen blir publisert i januar 2027.
Mattilsynet kan ta imot både analyseverdiar og utrekna næringsstoffverdiar. Vi vil også gjerne ha informasjon om kva for næringsstoff som er berika. Informasjon om krav til dataa og korleis vi handterer dataa, er tilgjengeleg her: Levere data til Matvaretabellen.
Du kan sende data til Matvaretabellen til matvaretabellen@mattilsynet.no.
Frist for å levere data til neste versjon av Matvaretabellen er 1. oktober.
Format for innsending av data er valfritt, men du kan bruke denne malen om du ønskjer det.
Det er frivillig å levere data til Matvaretabellen.