Nye retningslinjer for levering av data til Matvaretabellen
Mattilsynet har utarbeida nye retningslinjer for levering av data om næringsstoff i matvarer frå matbransjen til Matvaretabellen. Retningslinjene forklarer kva for krav som stillast til dataene, korleis matbransjen kan sende inn data og korleis Mattilsynet handterer og vurderer innsendte data.
Matvaretabellen (matvaretabellen.no) er ei digital teneste som viser innhaldet av energi og næringsstoff i om lag 2000 matvarer. Ei av kjeldene til dataene i Matvaretabellen er næringsstoffdata som blir levert av matbransjen. Matvaretabellen brukast blant anna av forbrukarar, matindustrien, forvaltning, utdanningssektoren, helse- og omsorgssektoren og forskarar.
Les meir om verdiane i Matvaretabellen og korleis Mattilsynet jobbar med dataene.
Gode innspel frå matbransjen
I 2024 inviterte vi matbransjen til å kome med innspel til retningslinjene gjennom eit informasjonsmøte og skriftleg høyring.
Vi har vurdert alle innspela vi mottok, og oppdatert retningslinjene. Mange av innspela er teke med i dei oppdaterte retningslinjene, men enkelte av innspela er ikkje mogleg å ta med fordi dei ikkje er i samsvar med dei internasjonale standardene for arbeid med matvaretabellar.
Dialogen med matbransjen har vore god og Mattilsynet takkar for alle innspela.
Les meir om dei nye retningslinjene for å levere data til Matvaretabellen.