Kvar kjem næringsstoffverdiane frå?

Det er fleire måtar å framskaffe næringsstoffdata på, og dataene i Matvaretabellen kjem frå ulike kjelder. 

Fagleg oppdatert

Alle næringsstoffverdiane har ein referanse, der det står om verdien kjem frå analyse, er utrekna, lånt frå andre kjelder eller liknande.

Dataene i Matvaretabellen kjem frå ulike kjelder.  

Analysar av matvarer 

Analysar av matvarer er rekna som gullstandarden for næringsstoffverdiar i matvaretabellar. Mattilsynet gjennomfører kvart år eitt eller fleire analyseprosjekt for å skaffe verdiar for aktuelle matvaregrupper.

Lån av data frå andre matvaretabellar 

Ein del av matvarene i Matvaretabellen har lånte næringsstoffverdiar frå andre matvaretabellar. til dømes matvarer som seljast i fleire land eller råvarer som ikkje blir dyrka i Noreg.  

Matvaretabellen har lånt verdiar frå: 

Lån av data frå matindustrien 

Matindustrien kan levere data til Matvaretabellen.

Les meir om korleis du kan levere data til Matvaretabellen

Matvarer som er berekna som oppskrift 

Samansette matvarer, slik som til dømes middagsrettar eller kaker, er ofte rekna frå oppskrift. Det vil seie at vi har utarbeida ei representativ oppskrift for matvara, og deretter rekna ut næringsstoffverdiane basert på ingrediensane i oppskrifta. 

Matvaretabellen følgjer ein oppskriftsberekningsprotokoll (norden.org), som Livsmedelsverket (Sverige), Universitetet i Oslo og Mattilsynet har utvikla.  

Når vi reknar ut næringsstoffverdiar frå oppskrifter, blir òg endringar i vassinnhald og innhald av næringsstoff som følgje av tillaginga utrekna.  

Vektendring: Når mat blir tillaga, til dømes gjennom koking eller steiking, vil innhaldet av vatn ofte endre seg. Til dømes vil ris som vert kokt bli tilført vatn gjennom kokinga, medan fisk som blir ovnsstekt vil miste vatn gjennom fordamping. Når vassinnhaldet endrar seg i ei matvare, vil òg konsentrasjonen av dei andre næringsstoffa endre seg. Vi brukar vektendringsfaktorar for å rekne ut grad av endring i vassinnhaldet i matvarene.

Endring i næringsstoffinnhald etter varmebehandling: Når matvarer blir varmebehandla kan innhaldet av enkelte næringsstoff endre seg. Til dømes vil innhaldet av ein del B-vitamin bli lågare etter at matvara er varmebehandla. Vi brukar retensjonsfaktorar for å berekne grad av endring i innhaldet av vitamin og mineral i matvarene.  

Andre utrekningar 

Enkelte næringsstoff blir rekna ut via formlar, slik som vitamin A og salt. Les meir om det nedanfor. 

Vatn blir rekna ved differanse: Vatn = 100 – (karbohydrat + kostfiber + feitt + protein + alkohol + oske). 

Ein del næringsstoff finst naturleg ikkje i nokre matvaregrupper. Til dømes er det ikkje vitamin B12 i grønsaker. Desse næringsstoffa har verdien null.