Tilrådingar om laktosereduserte og laktosefrie produkt

Det er ikkje utarbeidd eige regelverk for samansetning og merking av laktosereduserte og laktosefrie næringsmiddel. Det finst derfor ingen regelverksfesta grenseverdiar for kor mykje slike produkt maksimalt kan innehalde. Men det er utarbeidd retningslinjer for innhald og merking av produkta.

Publisert

Retningslinjene er henta frå dei tilrådingane som er gitt i den nordiske rapporten Dietetiske næringsmidler – forslag til nordiske retningslinjer for vurdering og regulering fra 1993 (Tema Nord 1993:557), og kan brukast som rettleiande.

Tilrådingar for innhald av laktose

I rapporten blir det anbefalt at

  • laktosefattige/ laktosereduserte næringsmiddel maksimalt skal innehalde 1 g laktose per 100 g matvare (næringsmiddelet seld til forbrukar)
  • laktosefrie næringsmiddel i prinsippet skal vere frie for laktose, men av analytiske årsaker kan det godtakast eit innhald opp til 10 mg laktose per 100 g matvare (næringsmiddelet selt til forbrukar)

Tilrådingar om merking

  • Utsegnene laktosefattig/laktosereduserte og laktosefrie bør stå i tilknyting til varenemninga.
  • Laktoseinnhaldet bør deklarerast for laktosefattige/ laktosereduserte næringsmiddel.

Slik skal allergenene merkes

Rapport frå European Food Safety Authority (EFSA)

EFSA (The Europeand Food Safety Authority) har utarbeidd ein rapport om laktosefrie produkt. Denne finn du på EFSA si nettside: Scientific Opinion on lactose thresholds in lactose intolerance and galactosaemia (efsa.europa.eu)