Til hovedinnhold
Rapport

Førekomst av bakterien Campylobacter spp. i slaktekylling 2022

I 2022 testa 106 av 2189 flokkar positivt for Campylobacter spp. Det er noko lågare samanlikna med tidlegare år.

Publisert

I perioden mai til oktober kvart år blir alle slaktekyllingflokkar med maksimal slaktealder på 50 dagar, testa for bakterien Campylobacter spp. Positive flokkar blir etter slakting varmebehandla eller frosi ned i 3 veker, for å redusere risikoen for at menneske skal smittast med campylobacteriose når dei handterer ferskt fjørfekjøtt på kjøkkenet.

Kva blei undersøkt?

Blindtarmstømning frå slaktekyllingflokkar. Prøven blir teken ut av produsenten på garden. Totalt vart det teke prøvar frå 2189 flokkar frå 515 gardar.

Tidsrom
Mai til oktober 2022.
Kva leita vi etter?

Bakterien Campylobacter spp

Kva fann vi?

106 av 2189 flokkar (4,8%) testa positivt for bakterien.

Kven utførte oppdraget?

Slaktekyllingprodusentane, Veterinærinstituttet og Mattilsynet.

Fil
Overvåknings- og kartleggingsprogram Campylobacter spp. i slaktekylling 2022 (PDF)