Førekomst av bakterien Campylobacter spp. i slaktekylling (2025)
I 2025 testa 99 av 2014 flokkar av slaktekylling positivt for bakterien Campylobacter spp. Det utgjer 4,9 prosent av alle flokkar slakta i perioden mai til oktober. Dette er noko høgare enn i 2024, men blir framleis rekna som lågt samanlikna med tidlegare år.
- Sammendrag
I perioden mai til oktober kvart år blir alle slaktekyllingflokkar med maksimal slaktealder på 50 dagar testa for bakterien Campylobacter spp. Positive flokkar blir etter slakting varmebehandla eller frose ned i tre veker for å redusere risikoen for at menneske skal bli smitta med campylobacteriose når dei handterer fersk fjørfekjøtt på kjøkkenet.
Føremålet er å redusere mengda Campylobacter spp. som forbrukarane blir utsette for gjennom rått kjøtt frå norsk slaktekylling, og overvakingsprogrammet er dermed eit viktig bidrag til auka mattryggleik. Samanlikna med andre europeiske land har Noreg låg førekomst av bakterien.
- Kva blei undersøkt?
Blindtarmtømming frå slaktekyllingflokkar. Prøven blir teken ut av produsenten på garden. Totalt er det tatt ut 2014 prøver frå 492 gardar.
- Tidsrom
- Frå 1. mai til 31. oktober 2025
- Kva leita vi etter?
Bakterien Campylobacter spp.
- Kva fann vi?
99 av 2014 flokkar (4,9 prosent) testa positivt for bakterien.
- Kven utførte oppdraget?
Slaktekyllingprodusentane, Veterinærinstituttet og Mattilsynet
Sjå rapporten for 2025: Campylobacter hos fjørfe - overvåking (vetinst.no)