Overvaking av bakterien Campylobacter spp. hos slaktekylling
Føremålet med overvakingsprogrammet er å redusere mengda Campylobacter spp. som forbrukarane blir utsette for gjennom rått kjøtt frå norsk slaktekylling.
I perioden frå mai til oktober kvart år blir alle slaktekyllingflokkar med maksimal slaktealder på 50 dagar testa for bakterien Campylobacter spp. Flokkar som testar positivt, blir varmebehandla eller frose ned i tre veker etter slakting for å redusere risikoen for at menneske skal bli smitta med campylobacteriose når dei handterer fersk fjørfekjøtt.
Overvakingsprogrammet er sentral del av handlingsplanen mot Campylobacter hos slaktekylling, som starta i 2001. Handlingsplanen blir gjennomført i samarbeid mellom fjørfenæringa, Animalia, Veterinærinstituttet og Mattilsynet.
Samanlikna med andre europeiske land har Noreg låg førekomst av bakterien.
- Kva blei undersøkt?
Blindtarmtømming frå slaktekyllingflokkar. Prøven blir teken ut av produsenten på garden. Totalt er det tatt ut 2014 prøver frå 492 gardar.
- Tidsrom
- Frå 1. mai til 31. oktober 2025
- Kva leita vi etter?
Bakterien Campylobacter spp.
- Kva fann vi?
99 av 2014 flokkar (4,9 prosent) testa positivt for bakterien.
- Kven utførte oppdraget?
Slaktekyllingprodusentane, Veterinærinstituttet og Mattilsynet
Sjå rapporten for 2025: Campylobacter hos fjørfe - overvåking (vetinst.no)
- Kva blei undersøkt?
Blindtarmtømming frå slaktekyllingflokkar. Prøven blir teken ut av produsenten på garden. Totalt er det tatt ut 2071 prøver frå 495 gardar.
- Tidsrom
- 1. mai til 31. oktober 2024.
- Kva leita vi etter?
Bakterien Campylobacter spp.
- Kva fann vi?
70 av 2071 flokkar (3,4 %) var positive for bakterien.
- Kven utførte oppdraget?
Slaktekyllingprodusentane, Veterinærinstituttet og Mattilsynet.
Sjå rapporten for 2024: Campylobacter hos fjørfe - overvåking (vetinst.no)
- Kva blei undersøkt?
Blindtarmstømning frå slaktekyllingflokkar. Prøven blir teken ut av produsenten på garden. Totalt vart det teke prøvar frå 2189 flokkar frå 515 gardar.
- Tidsrom
- Mai til oktober 2022.
- Kva leita vi etter?
Bakterien Campylobacter spp.
- Kva fann vi?
106 av 2189 flokkar (4,8%) testa positivt for bakterien.
- Kven utførte oppdraget?
Slaktekyllingprodusentane, Veterinærinstituttet og Mattilsynet.
Sjå rapporten for 2022: Campylobacter hos fjørfe - overvåking (vetinst.no)